Kåre Fauske er tidligere Peru-misjonær for Misjonssambandet.
Kåre Fauske er tidligere Peru-misjonær for Misjonssambandet. (Foto: Privat)

Ta imot vonde historier

Tekst: Kåre Fauske
Publisert: 03.04.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 24.04.24 KL. 06.41.
  • Annonse - FiH
    Annonse

Dette er et leserinnlegg som uttrykker innsendes meninger, og som ikke nødvendigvis reflekterer Utsyns synspunkter.

Send oss gjerne leserbrev til utsyn@nlm.no

Vi har to øyrer og ein munn, vert det sagt; lytte er oftast viktigare enn å ytre seg. Eit slikt banalt råd kan vere klokt også når vi høyrer vonde misjonærbarn-fortellingar. Det krevst mykje av oss til å stå i det når vonde forteljingar vert fylgt av endå fleire. I det siste har fleire fortalt i media om vanskeleg oppvekst på internatskule.

I 2021 fekk vi boka «O bli hos meg» av Lene Ask og i år lydboka «Misjonærbarna» av Øystein Stene. Dei har formidla historiene på ein måte som har rista kraftig i oss. Eg håpar det har vekt oss frå å vere likegyldige.

Mager trøyst

Asle Jøssang skriv i Utsyn kronikken: «Historiene om misjonærbarna» at vi må sjå historia i lys av «det som var forståelse og forutsetninger som gjaldt den gangen».

Eg oppfattar ikkje at han prøver å unnskylde det som skjedde, men ynskjer seg ei balansert historieforteljing der kvar enkelt eig si eiga historie. Han har heilt rett i at i at vi ikkje heilt kan forklare eller forstå historia om vi har notida sine briller på.

Dei har ikkje det privilegium; skifte mellom notida og fortida sine briller

Om forholda i samfunnet var annleis då, er det likevel ei mager trøyst for dei som har vonde opplevingar frå den tida, og kjenner i dag smerta minst like sår som den gangen. Dei har ikkje det privilegium; skifte mellom notida og fortida sine briller.

Må tole smertene

Eg er ingen psykolog, men oppfattar at vonde opplevingar frå barne- og ungdomstida gjerne dukkar opp att med full styrke i godt vaksen alder, gjerne ved større omveltingar i livet. Kanskje er ikkje denne bølgja av forteljingar frå misjonærbarn tilfeldig, men er spesiell sterk no på grunn av alder og stadium i livet hos dei det gjeld.

Først at vi på alvor tek inn over oss at måten vi dreiv misjonsarbeid har vore til skade for barn.

Desse forteljingane trur eg ikkje vi er ferdige med, om ein gjerne kunne ønskje det. Det vil krevje mykje av oss framover. Vi må tole smertene i det. Først at vi på alvor tek inn over oss at måten vi dreiv misjonsarbeid har vore til skade for barn.

Vi må ta inn over oss ei ny røyndom og innstille oss på at dette ikkje går over utan smerter eller konsekvensar for Misjonssambandet som organisasjon eller oss som enkeltpersonar.

Krev mykje

Eg har sjølve erfart at det trengs øving i å kunne ta i mot og halde ut smerta i vonde livsforteljingar.  Eg kjenner meg att i at det er som det kriblar i kroppen til å parere med noko positivt eller komme med eigne eksempel for å avleie smertene.

Det har kravd øving i å lytte og arbeide med å styre eigne kjensler og behov. Empatisk haldning inneber å rette merksemd mot den som fortel, lytte, vere open, ikkje analysere eller komme med forklaring, men anerkjenne det som vert fortalt.

Eg håpar at dei som treng det får hjelp av eit profesjonelt hjelpeapparat. 

Ope terapirom

I tillegg ser eg for meg eit «ope terapirom». Måten dei vonde livshistoriene vert mottekne og omtalt i media, Utsyn og hos Misjonssambandet kan verte lækjande eller sårande og føre til nye traume.

Vert dei ikkje høyrde og tekne på alvor er ein stor mulighet tapt for oss.

Eg trur vi er i ei avgjerande tid akkurat no på grunn av at fleire vågar å fortelje si historie. Vert dei ikkje høyrde og tekne på alvor er ein stor mulighet tapt for oss. Det er eit viktig arbeid på gang no med orsaking og oppreising til misjonærbarn som har lidd urett.

Dette må vi støtte og gjere alt for at det held fram i eit godt spor. Det treng klokskap til å lede og omtale prosessen.

Får vente

Så får vi heller vente med dei gode historiene. Eg håpar at dei misjonærbarna som har gode opplevingar er i fleirtal. Dei forteljingane har hatt god plass og vore ein av grunnane til at ein har slått seg til ro med at internata er ein bra ordning.

Misjonærbarn har vel vore heldige, fått med seg språkkunnskap, kulturerfaring og spennande opplevingar og lever godt med sin bakgrunn. Deira identitet står støtt og treng ikkje verte truga av dei som har andre opplevingar.

Kåre Fauske var misjonær for Misjonssambandet i Peru i perioden 1981–1990, og har tidligere skrevet om hvordan det er å være en far i misjonen.

Les også Marianne Skaiaas svar til Asle Jøssang.

Powered by Cornerstone