Bilde fra innvielsen av Kåre Fauske (andre fra venstre)og kona Wenche. Barna Kjell Magne og Inger er med.
Bilde fra innvielsen av Kåre Fauske (andre fra venstre)og kona Wenche. Barna Kjell Magne og Inger er med. (Foto: Faksimile Utsyn 1980. Bilder på sidene er retusjert bort.)

«Eg er ein misjonærfar»

Tekst: Kåre Fauske
Publisert: 19.02.24 KL. 02.19.
Oppdatert: 24.04.24 KL. 06.46.
  • Forlagshuset Lunde - generell
    Annonse

Dette er et leserinnlegg som uttrykker innsendes meninger, og som ikke nødvendigvis reflekterer Utsyns synspunkter.

Send oss gjerne leserbrev til utsyn@nlm.no

Misjonærbarn vart sendt bort og skilt frå foreldra på Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet) sine internatskular i utlandet! Endå ein gong er det framme i media-bilde.

Misjonærbarn har foreldre, fleire hundre av oss, og vi har vore ganske fråverande i debatten, så langt eg har sett. Det er kanskje det beste at vi held oss i bakgrunnen og ikkje overtek denne saka, men heller lyttar til barna våre utan å gå i forsvar eller skal forklare alt. Så eg ynskjer ikkje å stoppe eller spore av debatten, men heller støtte opp med å sjå det frå ein far si side.

Far og misjonær

«Eg er ein misjonærfar»Kåre Fauske var misjonær for Misjonssambandet i Peru i tidsrommet 1981–1990Foto: Privat

Eg er far til fire barn som var med oss til Peru der vi var misjonærar frå 1981–90. Tre av dei var elevar ved Den norske skulen og budde på internatet i Arequipa meste av tida frå -86 til -90. Denne skulen var ein liten skule og mellom dei siste som vart oppretta for misjonærbarn frå Misjonssambandet. Så slike skular har noko ulik historie.

Denne var ein liten skule med få elevar på internatet. Likevel har eg ikkje vanskar med å skjøne den belastninga barn kan få ved ei slik internatløysing. Tema om misjonærbarn og deira oppvekst vert ekstra nært og personleg for meg.

Eg vil heie på dei av misjonærbarna som endå ein gong orkar å føre ordet og formidle det dei har opplevd.

Det er leit om dei ikkje vert tekne på alvor når dei ber om rettferd for det dei har opplevd av tapt oppvekst saman med foreldre. Fleire fortel om heimlengt, omsorgssvikt, mobbing og overgrep. Slike forteljingar om oppveksten på NLM sine skular og internat gjer vondt å høyre.

Det er ikkje lett å vere ein slik far som har sendt barn til internatskule og må ta inn over seg at det barna oppleve kunne vere skadeleg. Det er sikkert dei som tenkjer at vi som foreldre måtte vere kjenslelause som kunne sende barna frå oss på den måten. Vi burde ha visst betre. At vi var foreldre som berre var opptekne av ein ting; kallet til å vere misjonærar og ikkje hadde plass for andre tankar. Eit slikt stempel på meg får eg tole, likevel om eg ikkje kjenner meg att i det.

Eg nektar å tru at vi som misjonærar har vore mindre glad i barna våre enn andre foreldre.

Mange har vore involvert i arbeidet rundt skulane: Foreldre, barn, lærarar, internatansvarlege og miljøarbeidarar. Mange har lagt ned eit stort arbeid og gitt mykje av seg sjølve i dette og har eit eigarforhold til denne sida av misjonsarbeidet. Klarer vi ikkje å ta i mot og handtere forteljingar frå misjonærbara er eg redd vi ikkje berre har misjonærbarna sine traume, men mange i NLM som kjenner på sorg og ikkje lenger vågar å vedkjenne seg historia og arbeidet sitt.

Savner fellesskap

I dag fylgjer eg arbeidet i NLM frå utsida og saknar eit misjonærfellesskap til å dele desse tankane med.

Dei fleste som hadde oppvekst på internata er no vaksne og har kanskje eigen familie. Foreldra som sende barna til internatet er no eldre og andre døde.  Er familieforteljinga som handlar om opphaldet i utlandet noko ein kan einast om? Vågar vi å høyre på kvarandre og alle i familien sin versjon kjem fram i ei felles forståing?

Vi kjem ingen veg ved å gruble og sørge kvar for oss. Den viktigaste samtala må vere i familien, mellom barn og foreldre der det er mogeleg.

Eg meinar at vi som sende barna til internatskular må vere ærlege på at måten vi levde og arbeidde på kunne vere skadeleg for barna våre.

Det er vel berre då ei forsoning kan vere mogeleg. Vala vi tok kan ikkje gjerast om. Fortrengjer vi det vert vi låst fast i det som var.

NLM, som hadde det overordna ansvaret må gje ei oppreisning til dei som har lidt urett. Eg forstår at spørsmål om økonomisk ansvar og kompensasjon ikkje er enkelt. Skal det gjelde elevar frå enkelte skular i eit avgrensa tidsrom, eller alle elevar som ha budd på NLM sin skular?

Like viktig som jus må vere å høyre på kvarandre og vere ærlege på det som har skjedd.

Offer for historia og praksisen i NLM.

Eg vil ikkje ta offerrolla og sei at vi ikkje hadde noko anna val enn det vi tok; sende barna frå oss. Ei offerrolle gjer det vanskeleg å komme seg vidare.

NLM si historie er lang og forkynning og praksis har endra seg som elles i samfunnet. Eg har vokse opp med ei sterk forkynning om kallet og ordren vi har som kristne til å drive misjon. Mykje av det eg sjølve tenkte omkring kallet vi har som kristne ser eg annleis på i dag.  At kallet til misjonærteneste overgår ansvaret som foreldre, kan eg ikkje hugse sagt av misjonærar, eller leiarar i NLM. Eg har heller aldri meint det slik.

Det var mykje ungdommeleg mot, eventyrlyst og entusiasme  hos oss då vi drog til Peru. I den epoken i liver var ikkje evna til å sjå konsekvensane av det ein gjorde på det sterkaste.

Dei første tre åra gjekk eldste barnet på nasjonal skule der vi budde. Vi viste at det ikkje var ei fullgod ordning for åra framover. Det låg liksom i korta at det måtte verte ein norsk skule med internat slik praksis i NLM endå var.

Vi var klar over at utan eit internat for barna ville det verte vanskeleg å organisere misjonsarbeidet.

Då vi planla norsk skule hadde diskusjonen så vidt vore framme i media om skuleinternat og skadane ved å skilje barn og forelda. Eg hugsar det skapte ein del uro mellom oss misjonærar. Misjonærkollegar hadde sjølve oppvekst på skuleinternat og eg hugsar ikkje at dei bar fram fleire innvendingar enn oss andre. 

Skulen vart eit viktig samlingspunkt for oss misjonærar og det vart lagt ned eit stort arbeid frå lærarar, ansvarleg for internat og miljøarbeidarar. Det vart gjort ein kjempeinnsats for at dette skulle fungere til det beste for barna våre. Eg opplevde at barna hadde mange aktivitetar og gode opplevingar der,  utan at eg tenkte at sjølve situasjonen kunne vere skadeleg for dei.

Innsikta

Etter kvart forsto vi al alt ikkje var like enkelt for barna våre. Avskjedane då dei skulle tilbake på skulen etter heimreiser vart vanskelegare for dei og oss. Store redde auge i bussvindauget då vi sende dei avgarde. Det vart tungt for oss som foreldre. Eg kjende på at barna voks opp i si verd og vi i ei anna, og vart framande for kvarandre.  For min eigen del held eg fast i tanken at dette ville gå bra, det måtte gå bra, slik det hadde gått med dei fleste andre.

Vi gjorde enkelte endringar undervegs for at det skulle vere betre for barna. Vi prøvde å vere positivt i omtale av skulen overfor barna og tenkte vel at for mykje snakk om dei vanskelege tinga berre ville gjere det verre. Ein slik måte gjorde i alle fall meg mindre open og mottakeleg for det som barna måtte slite med. Eg kjenner på min eigen reaksjon då, og ser i dag klart at fleire ting skulle ha vore gjort annleis.

Med dei erfaringar og kunnskap eg har no ville eg ikkje ha sendt barna i frå oss på den måten.

Vi skulle ha budd saman som familie i åra som misjonærar.

Plagar meg sjølve

Eg vedgår at eg no som far og bestefar plagar meg sjølve med dei val vi tok, og ser føre meg alle vonde ting som kunne ha skjedd med dei i tida i Peru. Ofte er det som eit mareritt der dei er borte frå oss, med jordskjelv, terrorisme og farleg trafikk.

Eg må snakke alvorleg til meg sjølve og prøve å sei at det kan ikkje vere rett å bedømme det vi gjorde då ut frå dei erfaringar og kunnskap vi har i dag som eldre.

Tida som misjonær har sett spor hos oss i familien. Det var år som forma liva våre på godt og vondt. Endå er personar derfrå, plassar, hendingar, skikkar og mat noko vi ofte samanliknar opplevingar med. Peru, folk, språk og andre kulturar har vorte noko verdifullt for oss. For min eigen del veit eg at det var mine beste år som har gitt gode og nyttige erfaringar for livet vidare.

Det vil vere trist om vi som misjonærfamiliar ikkje skal komme til rette med historia vår og vedkjenne oss det vi har vore med på. Difor er misjonærbarna si sak så viktig for oss alle.

 

Powered by Cornerstone