Anne Mette Hals Klyve har vært misjonær for Misjonssambandet i Kenya.
Anne Mette Hals Klyve har vært misjonær for Misjonssambandet i Kenya. (Foto: Simen Grøteide)

Den første steinen

Eg kjempar meg gjennom lydbok-serien «Misjonærbarna» av Øystein Stene. Tårene renn, og etter femte episode løftar eg ein stein. Men eg vegrar meg før eg kastar. Det første som blir knust, er mitt eige glashus. Vil eg det?

Tekst: Anna Mette Klyve
Publisert: 08.02.24 KL. 12.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.22.
  • Forlagshuset Lunde
    Annonse

Dette er et leserinnlegg som uttrykker innsendes meninger, og som ikke nødvendigvis reflekterer Utsyns synspunkter.

Send oss gjerne leserbrev til utsyn@nlm.no

Stor innsats for misjonen kan eg ikkje skryte på meg, men eg vil gjerne vera med. Og eg har, saman med mange varme medkristne, vore med i god tru og med hjartebrann for at fleire må få bli kjende med Jesus.

Historia i femte episode, om misjonærbarnet og NLM/Frikirken som i 2013 møttest som motpartar i norsk rettssal, hugsar eg kanskje viss eg tenkjer meg om. Eg las vel overskriftene. Det demrar.

Og eg innrømmer eg hadde denne fromme tanken: Skal vi som kristne verkeleg slåst i rettsapparatet?

Eg stolte blindt på rettsapparat og misjonsleiarar, og da misjonærbarnet tapte saka, da let eg det fare, og eg tenkte kanskje at dette var ei bråkebøtte eller ein hemngjerrig. Eller tenkte eg noko som helst? Eg er flau over lite refleksjon. No ser eg at eg burde sett det blodraude blinkande faresignalet.

Medskuldig

Å, som eg angrar! Eg er medskuldig. Og i smerte kastar eg steinen som knuser glashuset eg sit i:

Korleis kunne de møte misjonærbarnet slik?

Korleis kan kristne leiarar få drive på, i årevis, slik dei har gjort?

Kvifor er det ingen som reagerer? (Der rauk glashuset mitt.)

Korleis kan vi ignorere og kvele ned lidande i eigen organisasjon som tek mot til seg og prøver å seie ifrå, og vågar dele eiga smerte?

Kvifor ser ein ikkje den årelange kampen dei allereie har hatt, til dømes med å reise seg frå feilplassert skam?

Kvifor vrengjer ikkje misjonsleiarar av seg kappene sine og set seg i oske, slik kongen i Ninive gjorde?

Dersom vi anar at ein av våre eigne har det veldig vondt som konsekvens av arbeidet vårt, kvifor er ikkje refleksen da å sleppe alt vi har i hendene og leite opp og hjelpe dei som lir? Kvifor er ikkje det refleksen min?

Eg veit ein. Han visste at han kunne bli overfallen om han stoppa opp og tok seg av ein sterkt såra som låg i grøfta. Han forbatt såra, han fann eit herberge som kunne gi godt stell, og om det trongst meir… så skulle han betale alt.

Slik står det skrive.

Det finst éin som er slik. Han kallar seg Den gode hyrding, og vi vil så gjerne spreie ordet om Han til alle. Men... er vi i Han og Han i oss? Kjenner vi Han? Kjenner Han oss? 

Kyrie Eleison!

Når sinte misjonærbarn til slutt blir sinte nok, så kan vi med reinvaska hender seie at dei snakkar ikkje heilt sant, nokre detaljar her og der er jo feil, dei vil jo berre øydeleggje, dei snakkar ubalansert om saka, kan dei aldri bli nøgde, og så vidare.

Og slik kan eg gå fri.  Slik kan eg koste av meg dette ubehagelege, eg kan seie uff og så kan eg fortsette å vere god når eg gir pengar til vassprosjekt i Afrika eller skular i Noreg som slit økonomisk. Eg syns jo det er ille om dei må legge ned.

Det er mykje smerte. Mange varme menneske har gjort stor og beundringsverdig innsats på internat og bedehus. I klasserom i utlandet og i foreining i Noreg. Dette rammar oss alle i misjonsorganisasjonen. Tilsette og frivillige. Nokre som har hatt det bra som misjonærbarn, føler seg mistrudd når det bli ropa høgt og vondt om deira barndom. Denne smerta vil eg også høyre og ta på alvor.

Eg lurar på:

Kunne gode hyrdar hindra polarisering?

Kunne vi vore ein kropp?

Kunne vi bore byrder for kvarandre?

Lytta, trudd, trøysta, jubla, stelt, støtta kvarandre, også heilt ulike liv og historier?

Kunne vi delt gleder og sorger? 

Såre skrik

Eg håpar eg kan vera med og tole og at eg kan ta imot djupe, såre skrik og sinte, fresande ord frå barn, foreldre og einslege som ikkje har vorte sett og høyrt av organisasjonen sin. Og at vi aldri, aldri igjen seier: «Er de ikkje snart ferdige med dette?»  

Kan eg også dele smerta med ein «høgt i systemet» om han skulle bryte saman i ei frigjerande fortviling og djup sorg over dei psykiske overgrepa vi har vore med på?

Korleis kan vi ha tillit til kvarandre før vi saman erkjenner at rettssaka i 2013 var eit einaste stort overgrep?

Er det nokon som deler smerta med meg?: At eg, og mange tusen, ikkje har høyrt og ikkje har prøvd å leite opp og lytte til våre eigne som lir.

Eg vågar å tru at Jesus græt og vil gråte med oss alle.

Kyrie eleison!

Anna Mette Hals Klyve har vært misjonær for Misjonssambandet i Kenya.

Powered by Cornerstone