Fulle bord på julemessen på Riska.
Fulle bord på julemessen på Riska. (Foto: Privat)

O julemesse med din glede

Den gamle tradisjonen innbringar nye gleder. Misjonssambandets julemesser har ein økonomisk oppgang frå i fjor, frå 9 til 10 millionar.

Publisert: 11.01.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.39.
  • Annonse - KNIF
    Annonse
O julemesse med din gledeFiskebua og Bakeriet bugner over av godsaker.Foto: Privat

Riska misjonsforsamling er blant dei som har bidrege til gode tal. Julemessa i sjøbygda Riska, husa gjester frå Egersund i sør til Stavanger i nord.  

Idrettshall opnar dører 

– Idrettshallen skal ha ein del av æra for at så mange tok turen.  

Det trur Riska misjonsforsamling sin komitéleiar for julemessa, Rolf Christian Askeland. 

– Dei som ikkje er van med å vere i kristne samanhengar kan kjenne det tryggare å gå i ein idrettshall enn i eit misjonshus. 

LES MER OM JULEMESSER MED LAV TERSKEL HER

O julemesse med din gledeDet er ikke få liter syltetøy og most som blir solgt på julemessa på RiskaFoto: Privat

Første gong det vart arrangert julemesse på Riska var for 48 år sia. Då var det Askeland sine besteforeldre som stod bak. Oppskrifta var ganske lik. Andakt, sal av årer, handverk, god mat, premiar og mykje drøs. 

– Alle i bygda veit det er julemesse i Riskahallen, proklamerer Askeland. 

1500 besøkande 

Frå telefonlinja til Askeland høyrer ein ei sag spele i bakgrunnen. Den overdøyver nesten annonseringa av dei eineståande tala frå årets julemesse. 

– Rundt 1500 menneske kom innom i løpet av helga. Til saman la dei i frå seg over 1 million kroner, roper byggmestar Askeland gjennom støyen av maskinar som går. 

O julemesse med din gledeRøykt fisk - fisket på Bømlo og røykt på Riska – er populærtFoto: Privat

Dei besøkande kjøpte røykt fisk, fiska i Bømlo, røykt på Riska, krotekaker, baka i den store bakaromnen på misjonshuset, strikka og sydd tøy av misjonsforsamlinga sine medlemmar. Salet gjekk godt. 

– Stemninga var god, konstaterer Askeland. 

Det er ikkje rart, når 800 000 kroner av det totalet innteninga går til Misjonssambandet sine prosjekt i inn- og utland. 

Gode tal over heile linja 

I ein anna kant av landet sit Misjonssambandet sin økonomiansvarlege Morten I. Pettersen og smiler bredt. Det ruller inn gode tal frå alle kantar og baugar av landet. 

– Me har fått inn om lag 10 millionar kroner på julemesser denne hausten. Det er ein oppgang frå i fjor på 1,1 millionar kroner, og det er svært gledeleg, seier økonomileder Morten I. Pettersen. 
 

Powered by Cornerstone