Margit Hunemo
Margit Hunemo (Foto: privat)

Ei veksande uro

Sidan Misjon 25 i Stavanger har eg bore på ei djup smerte.

Tekst: Margit Hunemo
Publisert: 22.09.26 KL. 02.00.
Oppdatert: 25.09.26 KL. 10.44.
  • Annonse - Knif trygghet 2
    Annonse
Dette er et leserinnlegg. Synspunktene som presenteres, er forfatterens egne. 

Sidan unge år har Norsk Luthersk Misjonssamband vore «min» heim. Det har vore der eg har hatt nettverk og fellesskap. Nå har det lagt seg noko utrygt over tilværet. Har eg framleis den «heimen» eg kjenner det godt å vere ein del av? 

Eg har vore trygg på bibelsynet. Hatt høve til å søkje svar hjå personar som sjølve var trygge og levde kvardagane i Ordet. 

 

Nasjonalt tilsyn

Kva skuldast denne nye kjensla av å ha mista noko kjært? Noko eg var trygg på? Svaret er så enkelt at det gjer vondt! Det handlar om dokumentet «Nasjonalt tilsyn» med undertittelen: «Nasjonalt tilsynsråd har eit overordna ansvar for åndeleg tilsyn i organisasjonen og rapporterer til rådsmøtet.» 

Eg finn det underleg at generalforsamlinga vedtok eit uferdig dokument! Ja, eg meiner til og med at ein gav frå seg retten til å avgjere korleis ein skal ta vare på hyrde- og læreansvaret i framtida. 

I etterkant av Misjon 25 er det dei regionale tilsynsråda som sjølve lagar retningsliner og stakar ut kursen. Eit arbeid dei held på med. 

Det treng slettes ikkje vere eit problem, men eg finn det krevjande at «bukken og havresekken» skal ha endeleg avgjerd. Kvifor kunne ein ikkje teke seg tida til å fullføre arbeidet med dokumentet? Var saka i utgangspunktet så problematisk og samansett at ein ikkje fann balansepunktet mellom «den gamle og den nye tida»? 

 

Rådsmøtet

Kven er dei som nå har tillit i Rådsmøtet og tilsynsrådet?  Tidlegare hadde Rådsmøtet representantar frå alle ledd i Misjonssambandet. Det kunne vere over 70 menn. Nå har rådsmøtet 28 medlemmer.  

14 er valde tilsynsmenn frå regionane. Desse er ikkje lønna medarbeidarar. Dei andre 14 er tilsette: Regionleiarar, generalsekretær og andre «mellomleiarar» i organisasjonen. Dei har ikkje røysterett, det er det dei regionalt valde tilsynsmennene som har.  

Dei vel også kven av dei 14 (frivillige medlemmane) som skal vere mellom dei fem medlemmane av nasjonalt tilsynsråd.  

Eg forstår det slik at alle i rådsmøtet har talerett, men ikkje røysterett. Det har bare dei regionalt valde medlemmane. 

Rådsmøtet hadde tidlegare fleire oppgåver. Dei førebudde generalforsamling med saker og framlegg, i tillegg til at dei hadde eit overordna hyrde- og læreansvar. Nå er hovudoppgåva til rådsmøtet definert i undertittelen på dokumentet om Nasjonalt tilsynsråd. 

For meg har vedtaket blitt meir og meir krevjande. Slik eg les dokumentet har ein gjeve ansvaret i hendene på ei lita gruppe menn. Så langt har eg ikkje funne at generalforsamlinga kan ta tilbake styringa og eventuelt korrigere dei avgjerdene nasjonalt tilsynsråd har teke.  

 

Vondt 

Misjonssambandet har vore ein lekmannsorganisasjon. Eg er uroa over at dokumentet Nasjonalt tilsynsråd fører oss inn i noko vi ikkje heilt veit kva er. 

Misjonslaga er hjarteslaga i misjonen vår. Nærleik til leiing og utsendingar er ein av berebjelkane og drivkrafta. Nå synes eg sjå konturane av ein organisasjon med avstand. Ei form for framandgjering. Der organisering og administrasjon har større plass enn misjonsarbeidet i smått og stort. 

Eg har – beint fram sagt – fått ei sterk kjensle av utryggleik. Utrygg på eigen «heim». Det gjer vondt. 

 

Powered by Cornerstone