| Artikkelen bygg på talen som Holmavatn-ven og frivillig i Måndagsgjengen, Hans Torgny Indrebø, haldt i anledning 30-årsjubileet til Holmavatn i 2018. Takk for grundig arbeid med innsamling av data, kjeldeliste og elles god historieforteljing. |
På årsmøtet på Bryne i 1981 stemte krinsen for å gå inn for Holmavatn, ein del av tomta til gardbrukarane Torfinn og Oddny Ueland. Først i juni 1988 vart plassen innvigd. Torfinn og Oddny vart styrarpar og etter kvart synonyme med Holmavatn.
I dag er det Alice Nygård frå Varhaug, som er dagleg leiar.
– Anten eg står i oppvasken eller eg sit med rekneskapen, så gjer eg det for at ungane skal verta betre kjente med Jesus, seiar ho.
Det fans ikkje eit ungdoms- og misjonssenter sentralt på Jæren for NLM. Ein stad som kunne nåast av misjonsfolket på dagen, frå sentrale delar av Jæren og nå heim til leggjetid. Så tanken grodde fram på 1970-talet om å finna ein stad som kunne vera eigna.
Tidene hadde forandra seg. Tryggheim Ungdomsskule (folkehøgskule) hadde utvida skuleåret slik at det blei vanskelegare å arrangere mellom anna påskeleirar, nyårsmøte og andre arrangement for barn og ungdom der.
Administrasjonen i krinsen og krinsstyret tok tidleg på 1970-talet kontakt med Torfinn Ueland på Ualand i Varhaug. Det var viktig å ha med seg ein som kjente geografien og grunneigarar i distriktet. Fleire stader var gilde og ynskjelege å kjøpa, men ingen ville selja grunn.
Oddny og Torfinn pleidde ofte, i fine kveldar etter at dagens strid og strev var slutt heime på garden, ta turen inn til Holmavatn og setje seg ved vatnet. Der var godt å vera, kjenna fred og ro og senka seg i sjel, sinn og kropp.
Samtalar og diskusjon gjekk varme mellom misjonsfolket i framkant av eit eventuelt vedtak. Argumenta mot å byggja på Holmavatn var at der var det kaldt, skodd mest heile året, våren kom seint og sommaren var kald.
Dei fleste dagane i året var prega av vind og kald trekk, det ville vera få badedagar, plassen hadde ikkje skiterreng og låg langt frå sjøen. Skjønt ti minutts rask gonge til næraste høgd, og ein kan sjå Nordhavet liggja der «ukløyvd og utøymt», som Jærens store diktar ville sagt.
Men landskapet var og blir audt og nake, med eit turterreng som den gong var lite attraktivt.
Med overveldande fleirtal landa dei likevel på Holmavatn. Sidan har folk gleda seg over den høge, grå himmelen, steingjerde, hare, stundom havørn, men alltid sauer som beitar langs jorda på veg inn.
Mange har lete seg begeistre over Jærens vindbøygde tre. Det er verre med sitkagrana. Den vart planta som eit skjold mot blesten, rundt dei villmarkskledde husa med gras og stundom geit, på taket. Holmavatn-folket veit at mange kjensler er knytt til den tresorten. Nokre elskar den, andre ikkje.
Dagleg leiar Nygård, smilar. – Sånn er det når folk er glad i plassen. Ein kan ikkje fjerne ein knagg i veggen her utan at nokon merkar det. – Men eg forstår. Tenk så mange dugnadstimar folk har lagt ned her. Hundrevis. Det er klart dei har meiningar.
Alice Nygård, daglig leder på HolmavatnFoto: Misjonssambandet
I oppstarten av Holmavatn var dei 19 dugnadsgjengar på det meste. Gruppene var på mellom to–tre til sju–åtte personar. Nokre samla seg to gongar i månaden, andre sjeldnare.
Mellom arbeidsøktene har vertskapet gjeve dugnadsfolket mat, både himmelsk og kjødeleg mat. Ofte det som er igjen frå helgas arrangement. Kjøttkaker, potetsalat, taco, graut, svinesteik i brun saus, laks og potet.
Slik er det òg i dag. – På ein måndag kan me vere 15–20 dugnadfolk rundt lunsjbordet. Måndagsgjengen med dugnadsleiar Andreas Løge i spissen, dei er alltid der, og vaskegruppa, fortel Nygård.
Under selskap, jubileumsfestar, dåp, konfirmasjon og bryllaup er det helst dugnadsfolk som er med og vertar opp i lag med Nygård. – Mange frå bygdene rundt, frå Brusand, Vigrestad og Varhaug. – Eg er heldig som har dei.
På barneleirar i regi av regionen, meiningheitsweekend, konfirmantarrangement og det som føregår i helgene, er det tilsett ungdommar som er med og dekk bordene, lagar mat og tek oppvask. Fleire av dei har våre på leir på Holmavatn som ungar.
Det har òg Nygård. – Eg har gode minner frå at eg spring rundt på tunet her. Ho ler. – Men eg hadde aldri sett føre meg at eg skulle jobbe her som vaksen.
I vår har Nygård våre dagleg leiar på Holmavatn i to år. – Eg har mange draumar for staden, seiar ho, utan å røpe meir. For om større investeringar skal gjerast, må det gjennom styret.
Den siste endringa som vart gjort var at peisestova vart pussa opp. Den gigantiske peisen vart teken vekk til fordel for ein mindre, meir effektiv omn, og interiøret har blitt moderne, med ljose grøne fargar. Eit nikk til naturen utanfor.
Leirdeltakarar har alltid kunna ta kanoar ut på Holmavatnet, vatnet som Holmavatn ungdoms- og misjonssenter er kalla opp etter, men i sommar kjem óg padelboard. Dessutan skal hovudkjøkkenet pussast opp.
Men ein ting endrar seg aldri – og er elles gratis. Det er Guds ord, og hans vakre natur opp mot Synesvarden og Steinkjerringa.
Ingen kan sei at det er lite attraktivt.