– Balestrand er ei lita bygd, men det har alltid vore ein skuleplass. Det har vore både lærarskule og folkehøgskule her, fortel rektor Frode Bøthun.
Der Sygna vgs i dag ligg, var det dessutan statsrealskule. Eit ungdomsherberge låg også på tomta Misjonssambandet kjøpte på slutten av 70-talet. Dei to bygga vart til høvesvis skulebygg og internatbygg med matsal. På haustparten 1981 stod 43 undervisningsklåre elevar oppstilte på tunet.
Utover første halvdel av 80-talet vart det bygd seks nye internat med tjue senger i kvart bygg, og fleire personalbustader. Fellesbygget kom på beina i 1986, det dei kallar økobygget.
Nøgde elevarFoto: privat
Det lokale kristenfolket med sambandsfolk i spissen, var annige etter å få til ein skule i Balestrand. Førespurnaden var oppe i hovudstyret meir enn ein gong, for regnskapsavdelinga i Misjonssambandet hadde det greitt travelt. – Me kom samstundes med fleire byggeprosjekt, ikkje minst Gimlekollen, så det var tøft gjort av dei å satse på Sygna – eit skikkeleg trusprosjekt, seier Bøthun.
Dei etterspør meir forkynning, meir kunnskap om Bibelen og dei ønskjer meir kristent fellesskap.
Frode Bøthun
I byrjinga var det noko skepsis i bygda. Balestrand har ikkje meir enn 1000 innbyggjarar, så når ein stor, kristen organisasjon med eit titals elevar og personale busett seg der, pregar det lokalmiljøet, men atterhaldet vart fort lagt vekk.
– Me har eit kjempegodt forhold til bygda her i dag. Balestrand er ei turistbygd med mykje aktivitet om sommaren, men mindre om vinteren. Så det at skulen har elevar som bur her resten av året, det har blitt til noko positivt, og vi bidreg med liv når det er lite turistar, seier Bøthun om skulen. Den ligg godt plassert i bygda, om lag 10 minutt frå sentrum.
Balestrand er ei kunstbygd. Hans Dahl (1849–1937), som er kjent for å måle nasjonalromantiske motiv med fjell og fjord og kvinner i bunad, slo seg blant anna ned i bygda – og Hans Gude (1825–1903). Gude budde der ikkje, men vitja ofte og måla det kjente verket «Fjordlandskap i Balestrand». Googlar du måleriet, kan du skape deg eit inntrykk av kor slåande vakkert det er rundt skulen.
Det passar derfor godt at Sygna har «Kunst, design og arkitektur» som eitt av sine studieførebuande utdanningsprogram. – Me har svært flinke folk som underviser. Dei er med å sette sitt preg på kunstbygda, og me har fått til gode synergiar der elevane er med og bidreg i det lokale kunstmiljøet med ulike utstillingar, fortel Bøthun.
Han legg til at dei også har og helsearbeidarfag og fag for barne- og ungdomsarbeid. Det har kommunen sett pris på. – Kvart år har me elevar som er ute i praksis på sjukeheim og i barnehage. Dessutan er det lokale idrettslaget prega av Sygna, då me også har idrettsfag.
I Sogn er dei vande med at dei må samarbeide for å få ting til å skje. Sygna arrangerer til dømes ting saman med både kyrkja og bedehuset i bygda. Bedehuset ligg på ei tomt som var gitt som ei gåve frå det lokale hotellet Kviknes. – Det seier litt om samhaldet me har her.
Iveren for kristne aktivitetar er elles stor blant elevane. – Dei kan ikkje få nok av kristen forkynning verkar det som. Me arrangerer møteveker, torsdagsmøte, bibelgrupper og seminar, og elevane kjem. – Det er givande og meiningsfullt, slår rektoren fast.
Bøthun gjer seg mange tankar om korleis dei best kan følgje opp det han kallar ei oppvakning blant ungdommane.
– Dei etterspør meir forkynning, meir kunnskap om Bibelen og dei ønskjer meir kristent fellesskap. Me har flinke tilsette som møter ungdommane sine behov, og elevar som sjølve organiserer samtalegrupper. Det er flott å sjå korleis ungdommane vil lære meir om den kristne trua, og korleis dei er opptekne av å leve denne ut i kvardagen, seier Bøthun og legg til. – Samstundes er det viktig for oss at elevane ikkje skal bere for mykje av ansvaret for kvarandre sine sorger og gleder.
Rektoren er positiv til elevane si deltaking i det kristne arbeidet. – Me har i alle år, invitert elevane til å leie møte, og me å har ønskt å lære dei opp i å ta praktisk ansvar, ikkje berre å lyfte hendene og føle. – Og så er me veldig glade for alt det Misjonssambandet ung lagar til for ungdommane, som Vision og UL. Det oppfordrar me ungdommane til å vere med på.
For tilsette kan det vere eit lite skritt å kome til Sygna og til Balestrand, for staden er ikkje akkurat verdas navle. – Men når dei første kjem, vil dei ikkje reise igjen, skryt Bøthun.
– Det har skapt eit godt arbeidsmiljø, og dessutan tettare kontakt med bygda. Personalet er med i idrettslaget som trenarar, og i anna frivillig arbeid i bygda, og dei har ungane sine i barnehage og skule. Dei vert litt overraska over at det går an å ha det så kjekt, så lenge, på ein så liten stad.