Nylig var det vedteke i Vestborg sitt skolestyre at Vestborg-elevane skal til ski-VM i Falun i 2027. Laura Olivie Slørdal var ein av seks Vestborg-elevar som helga 27. februar til 1. mars var i Falun under prøve-VM.
– Det var ei veldig lærerik og bra helg, fortel Slørdal. – Til dømes lærte vi kor viktig dugnad er for å få eit så stort arrangement til å gå rundt. Det er mykje meir enn ein anar som går føre seg i kulissane, og det var kult å få innblikk i noko av dette.
Elevane blei godt kjend med området, og Slørdal fortel at på den eine avdelinga var det sett opp ei stor tavle. Der kunne dei skrive ting som burde forbetrast innan VM.
Det var stas å få møte Jessie Diggins, Frida Karlsson og Johannes Høsflot Klæbo
Laura Olivie Slørdal
– Det viser at dei jobbar systematisk for å førebu seg til VM, seier Slørdal, og legg til: – Elles har vi fått innblikk i kva oppgåver som finnast, og vi har blitt kjende med skistadion-området. Vi har også blitt kjende med andre funksjonærar. Det var kjekt å høyre «vi hörs nästa år» før vi reiste, seier ho.
Vestborgelever i hoppbakken i FalunFoto: Vestborg
Elevane fekk ei helg utanom det vanlege i Falun. I tillegg til å møte dei andre funksjonærane, fekk dei treffe nokre av skistjernene i sporet.
– Det var stas å få møte Jessie Diggins, Frida Karlsson og Johannes Høsflot Klæbo, smiler Slørdal. – Men det var også veldig kjekt å møte igjen dei hyggjelege funksjonærane vi jobba saman med i Trondheim, seier ho.
Vestborgelevane er nemleg ikkje uerfarne som funksjonærar under eit mesteskap. Under VM på ski i Trondheim i fjor, var heile skulen på plass og trødde til med ulike funksjonæroppgåver. No får dei til eit liknande samarbeidsprosjekt med arrangørane av VM i Falun.
Rektor Jon Ove Holen gjorde seg gode erfaringer fra ski-VM i Trondheim, og ønsker å tilretteleggje for at elevane får reise til Falun neste vinter.
– Vi fekk veldig god tilbakemelding frå arrangørane i Trondheim på innsatsen til våre elevar, seier Holen. – Difor undersøkte vi om Falun-VM var interessert i et tilsvarande samarbeid. Dei var positive til dette, og dei siste månadane har Falun-VM jobba for å legge til rette av vi kan kome med alle elevane våre.
– Kvifor vel skulen og satse på dette prosjektet?
– Tilbakemeldingane frå elevane etter Trondheim-VM var veldig, veldig gode, fortel Holen. – Dei opplevde det flott å få reise på tur med heile skulen, og nye relasjonar vart bygde. Vi ynskjer med vår deltaking i Falun-VM å legge til rette for at elevane lærer verdien av dugnad, og vi trur vi styrkjer fellesskapen på tvers av klassane. I tillegg er dette prosjektet ein god måte å oppfylle overordna del av læreplanen: Folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, samt berekraftig utvikling, avslutter han.