I sommar er det tre år sidan sist generalforsamling. Den vart arrangert på Oslo Fjord Convention Center i Stokke.
Les om strategien som vart vedteke på generalforsamlinga 2022.
Uteområdet rundt Stavanger Forum. Rett fram ligg tennishallane som kjem til å disponerast av UL OG UL+, medan møtene knytt til generalforsamlinga vil skje i EXPO-hallen til høgre.Foto: Ragnhild Tegle
Nå er det Stavanger sin tur.
Leiarteamet for GF er etablert sentralt og i tillegg har tre regionar (Region sørvest, Nord og Midt-Norge ) fått ansvar for å leggje til rette for generalforsamlinga. Samtidig skal UL og UL+ arrangerast.
Vanlegvis held dei to arrangementa til på to ulike stader, men i år samlast dei til same tid og på same stad.
– Det blir ei stor misjonshappening, seier leier for lokalkomiteen Morris Kjølleberg.
Kjølleberg kan fortelje dei i all hovudsak har landa lokal og areal.
Gjennom Stavanger Forum leig dei to tennishallar, Forum Exbo-hallen og eit stort mattelt. Det er óg gjort ein eigen leigeavtale med IMI-kyrkja for deira lokale og med Solborg folkehøgskule, som ligg 200 meter opp vegen.
I tillegg kan det bli aktuelt å leige ein annan hall i området i kortare periodar.
Stavanger Forum er utganspunkt for årets generalforsamling. To tennishallar, IMI-kyrkjas lokaler og Solborg folkehøgskule er óg leigd.Foto: Ragnhild Tegle
Sentralt er det etablert programkomite, prosjektstøtte og rekrutteringskomite. Sistnevnte arbeider tett saman med lokal arrangementskomite, som igjen har etablert åtte underkomitear.
Meld deg på som frivillig på Misjon25 her.
– Me har veldig godt samarbeid med komiteen for UL og UL+, og har etablert felles underkomitear på fleire av områdane. Me er godt i gang og me kjem til å spør om fleire vil være frivillige etter kvart som me får oversikt over behova våre, seier Kjølleberg.
|
Komiteane: 1. Lys, ljod og bilete 2. Resepsjon og publikumstenester 3. Komité for parkering, bubil og camping 4. Helse og beredskap 5. Lokal og utstyr 6. Vaktmannskap 7. Matkomité 8. Komiteen for barne – og ungdomsaktivitetar |
Melder du deg som frivillig på Misjon 25, kjem du til å gå inn og ut av dørene på dette bygget i sommar.Foto: Ragnhild Tegle
Berre delegatar har mandat til å stemme ved valet. Delegatar blir vald ut i frå Misjonssambandets ulike forsamlingar, foreiningar og lag dei neste månadane.
Sjå programmet for Misjon 25 her.
Til saman vil dei utgjer opp mot 1000 stemmedyktige delegatar frå heile landet.
Prosjektleiar for Misjon 25 Synnøve Jøssang, oppfordrar folk til å engasjere seg.
Dei treng omkring 1000 frivillige:
– Flest frivillige treng me i mat, vaktmannskap og barne - og ungdomskomiteen. Nokre komitear krev særskilt kompetanse, som helse og beredskapskomiteen.
– I registreringesskjemaet som frivillig, kan du krysse av på ønskede komiteer du kan tenke deg å være med i, avsluttar Jøssang.