Samarbeidskyrkja til Misjonssambandet i Peru, IEL-P, hadde eit ønske om å få ut ein erfaren misjonær som kunne gå saman med og vere ein medvandrar for pastorane og leiarane i kyrkja. I vår har Gunnar Norenes hatt sin første volontørperiode i Peru.
I 2003 reiste Gunnar Norenes og familien heim etter 14 år i Peru, fordelt på fire periodar.
− Eg har hatt det som eit ønske å få kome tilbake og vere litt over tid og få bidra saman med dei nasjonale kyrkjene, fortel han.
– Det var difor gledeleg å få kome tilbake til Peru etter om lag 20 år heime i Noreg, men denne gangen som volontør.
Han fortel at det har vore veldig flott å få kome tilbake og at han har bli veldig godt tatt imot. Han har møtt mange som han kjende frå før, men óg heldigvis mange han ikkje kjende.
Han fortel oss kva det vil seie å vere pensjonistvolontør i Peru.
− Eg har fått gå saman med pastorane og leiarane i kyrkja. Eg har fysisk gått saman med dei, fått ete lokal mat og gått på sjukebesøk, og eg har lytta til dei og ved nokre høve oppmuntra og gi nokre råd, fortel Gunnar.
Eg har fysisk gått saman med dei, fått ete lokal mat og gått på sjukebesøk, og eg har lytta til dei
Det har vore interesse for dette, og han ser at det er eit behov for å ha ein samtalepartnar. Han trur det er nyttig for pastorane å ha nokon å kunne snakke med om daglegdagse ting, og snakke om andre spørsmål som oppstår.
Ettersom det er lange avstander i Peru har det bli mange timar på buss for Gunnar, men han syns det er fint å kunne reise på den måten. Då han skulle på sundagsgudsteneste i Huallacayo, skulle han først bli køyrt på moped, men det enda likevel til slutt med at han blei køyrt i bil då dei som skulle køyre han, meinte ein ikkje kunne sette ein pensjonistvolontør på moped.
Gunnar gleder seg over det han får vere med på. Det å gå saman med dei, sjå arbeidet deira og få møte brødre og søstre som har få eit møte med evangeliet, har vore oppmuntrande både for Gunnar og for dei han går saman med.
No i oktober kjem han ut att og skal på nytt sitte timesvis på buss for å kome rundt og gå saman med pastorane. Denne gongen håper han å få snakke med enda fleire og få fulgt opp nokre av dei han møtte sist.
− Eg ser fram til å kome ut att, det blir veldig spanande. avslutter han.