Kva er sjelesorg, spør Utsyn Misjonssambandet sin fagkonsulent for sjelesorg og vegleiing, Grete Yksnøy Martinsen.
– Sjelesorg er ein samtale der den som kjem, kan ha eit ynskje om å både snakke om Gud, seg sjølv og sine medmenneske, og så har me også skaparverket med, som ein fjerde dimensjon.
– Mange vil tenkje på sjelesorg som ein samtale som primært handlar om forholdet vårt til Gud. Kva tenkjer du om det?
– Det tenkjer eg er ein ganske snever tanke om kva menneskelivet inneber. Gud har skapt oss til å leve i fellesskap med kvarandre, og me er skapt i hans bilete. Eg tenkjer det ikkje er nokon motsetnad i å snakke med folk om korleis ein har det med sine medmenneske, at det er noko mindre åndeleg, eller ein mindre åndeleg samtale enn å snakke om Gud. For det handlar om det livet me er sette til å leve her som kristne, og det har mange element ved seg, det menneskelivet.
– Korleis vert gudsforholdet vårt påverka av liva me lever?
– Eg får ein del som kjem inn på mitt kontor, som seier livet har blitt veldig vanskeleg. Det kan vere ytre omstende som har ramma deg, relasjonar som har vorte vanskelege, fysisk sjukdom eller psykisk sjukdom, som depresjon eller noko. Ytre omstende. Det er farleg å seie hundre prosent, men nesten alle vil erfare at det også rammar gudsrelasjonen. Kven er Gud, når dette skjer med meg?
det åndelege skakast, når livet skakast
– Nokon erfarer at dei får ein enda nærare relasjon med Gud, at han kjem med trøyst og fred. Andre erfarer ikkje det. Dei leiter etter trøyst, men erfarer han ikkje og er engstelege eller redde for kva livet no byr på. Og då tenkjer det er viktig å snakke om at det åndelege i livet ikkje er eit rom som ikkje vert rørt av det ytre som skjer oss, at det åndelege skakast, når livet skakast.
– Kvifor er det viktig for oss å gå inn i det sårbare, inn i oss sjølve?
– Om me ikkje går inn i det vanskelege, så pressar det seg fram uansett. Anten det vert som utmatting eller relasjonelle problem. Det er ei misforståing at om ein ten- kjer at om eg ikkje snakkar om ting, så forsvinn det. Kroppen gir jo óg beskjed viser det seg, somatisk. Det å få anerkjenning for at ting har vore vondt, det gir ein moglegheit til å sleppe å kjempe for å bli trudd. Det er veldig vondt å ikkje bli trudd. Og då kan ein heller bruke kreftene på å få det betre.
– Kva vil du oppfordre forsamlingane våre til å bli betre til i møte med dei som har det vanskeleg?
– Ikkje ha det så travelt med at ting skal bli betre. Men la folk få lov til å vere i forsam- linga med dei smertefulle erfaringane òg. Og å orke at andre ikkje har det bra. Det trur eg me treng å øve oss på.