Sitje, stå, knela
(Foto: Anders Artmark Aanensen)

Sitje, stå, knela

Kroppslege handlingar og kva me tenkjer om livet med Gud

Tekst: Ola Vold
Publisert: Publisert: 03.01.2024
Oppdatert: 04.01.24 KL. 12.00.
  • Annonse - KNIF
    Annonse
Sitje, stå, knela

«Då vart Kain brennande harm og såg ned.» (1 Mos 4,5). Har du opplevd at nokon du kjenner ikkje vil sjå deg i auga? At blikket heile tida vert vendt ein annan veg? Kvar auga våre er retta, heng saman med kva som rører seg inne i oss. Slik er det òg med resten av kroppen. Eit menneske som krympar seg saman, med hendene samla som slappe knyttnevar framføre brystet og med eit blikk som flakkar frå det eine til det andre rundt seg, utan å seia eit ord, syner ikkje berre til omverda kva emosjonar som rører seg på innsida, men også noko om kva han tenker om seg sjølv, korleis han oppfattar menneska rundt seg, kva han trur om staden han er og kva intensjonar og mål han har.  

Alle som har blitt møtt av eit andlet som strålar av glede og forventing, veit at smil kan smitta. Både ord og gjerningar har kraft til å endre røynda.

«Uro i hjartet tyngjer mannen, eit godt ord gjer han glad.» (Ord 12,25). Når barnet i barnehagen gjer eit hopp og ropar «far», medan det smilande stormar mot deg med utstrekte armar og kastar seg om halsen din, er det uttrykk for både kva barnet «trur om deg», kva relasjon de allereie har, men er også ei hending som skapar noko når den skjer. Handlingar me er med på vil forma oss, påverka oss og kan «smitta oss». Dei kan bringa fram i vårt eige indre, noko som ikkje var der frå før, men som me får del i når me tek del i ei handling.  

Ein kan sjølvsagt innvende at barnet kan ha sett ei «gledeleg gjensyns-scene» på film, og fekk eit ønskje om å etterapa dette. Kor genuine og spontane er slike dramatiske fakter og omgangsmåtar? Første gongen var det kanskje meir som ein leik eller eit «skodespel» å storma far sin i møte – men om ein har kasta seg inn i fars famntak nokre hundre gonger, vil dette etter kvart kunne verta ein vane ein heilt intuitivt vil kjenne seg heime i som eit ærleg uttrykk for eins eige indre liv. Søsken vil også sjå «korleis me møter kvarandre». Både klemmar og handtrykk, eit nikk og eit smil, eit vink og eit «hei!», er døme på kroppsleg ritual som slår fast for vårt indre menneske at «me ser kvarandre, me er nær kvarandre, her er trygt og me anerkjenner kvarandre». Kva me gjer med kroppen vår, vil alltid uttrykka noko – så kva kan me seia om måten me ter oss på i ei gudsteneste? 

Vendt mot Gud 

Som menneske har me alltid ei retning – me er på veg mot noko eller vendt mot noko. Me vender oss mot det me vil sjå og høyra, som me vil nærma oss eller ta imot, som interesserer oss eller er viktig. Skrifta talar om å venda vårt «sinn» til Jesus og det himmelske (Kol 3,1–2). Kyrkjer, bedehus og forsamlingslokale er ikkje utforma og innreidde på slump. Rommet har sjølv ei «retning». Når ein set seg i ein stol eller i ei benkerad, vert fokuset retta mot det som skal gå føre seg «der framme».  

Alle som går inn i ei kyrkje, veit at ein trer inn i eit rom som er vigd til å vende seg til Gud. Tradisjonelt er kyrkjebygg vende mot aust – mot soloppgangen. Lyset som bryt fram i mørkeret og sigrar over det, peikar både tilbake og minner oss om då Gud i opphavet tala det første skaparordet, «Og det vart lys» (1 Mos 1,3); og om då Jesus, «Det sanne lyset» steig ned i verdas mørke (Joh 1,9); og om at Jesu stod opp att på påskemorgon (Luk 24,1); og peikar framover mot dagen då Jesus skal koma att med herlegdom for å dømma levande og døde (Matt 24,27). Me lever med auga vendt mot Guds rike. 

Gud er sjølvsagt ikkje meir til stades ved altartavla eller på podiet enn andre stader – men me er vende mot aust som ei kroppsleggjering av at me vender oss mot Gud (Jes 60,3; Luk 1,78; Op 22,16).

«Vend deg hit, Herre, ...» lyder ei bøn i Sal 6; og «Vend øyret til mi bøn, Gud,» les me i (Sal 55,2). Vår retning, at me vender oss til Herren, er òg ei bøn om at Gud vil venda seg til oss og møta oss med nåde og kall, med kjærleik og velsigning. 

Reisa seg 

Om me no held oss til eit tradisjonelt utforma kyrkjebygg i Noreg, er bygget i seg sjølv ei påminning om Gud. Kyrkjespiret peikar mot himmelen. Kyrkja er ofte forma som ein kross. Takhøgde, vindauge og utsmykking kan vitna om Guds herlegdom, storverk og velde. Men kva meining ligg i møbleringa? 

Stolar eller benkerader etablerer ei forventing om at «kyrkja er ein stad me skal sitja». Historisk er dette ein nokså ny praksis, men det er godt å sleppa å stå lenge.

Sidan kyrkjelyden i utgangspunktet sit, vert det å reisa seg ei handling som markerer eit skilje. Å reisa seg uttrykkjer at ein aktar på det som hender. Ein står parat. Ein er vaken og heidrar det som skjer. Slik helsar ein dåpsfølget, konfirmantar eller brudepar som vandrar opp midtgangen velkomen: «De er no i sentrum. Me står saman med dykk i det som de no går inn i.» Når ein ofte står under første og siste salme, er det med på å gje eit «løft» til inngangen og avsluttinga på gudstenesta.  

Under evangelielesinga markerer det at alle reiser seg, at «det som skjer no er viktig», me vil lytta når vår Konge talar; og under truvedkjenninga sit me ikkje henslengt og mumlar bortgøymd i ei munnvik, men vedkjenner oppreist, synleg og klårt. Her er ei veksling mellom at Gud taler og me svarer. 

Kneling 

Å knela markerer underkasting, at du er «under» den du kneler for; det uttrykker overgjeving, at du er prisgitt den du bøyer deg for. Å venda seg til Gud er samstundes å ransaka seg sjølv (Klag 3,40–41). Å bøya seg for Gud er å innta same haldninga som tollaren på tempelplassen (Luk 18,13–14) og røvaren på krossen (Luk 23,40–43). Til vanleg er det berre presten som faktisk kneler under syndsvedkjenninga. Allereie i starten av gudstenesta vil ein sjå ei rørsle frå knelande bøn om tilgjeving og rop om miskunn («kyrie eleison», Matt 15,22; 17,15; 20,30) til ståande proklamasjon om nåde (1 Joh 1,9; Sal 103,11–12) og vidare til oppreist lovprising med lyfte hender medan ein sluttar seg til englane sin lovsong på betlehemsmarka (Luk 2,14). 

Om ein har nattverd med knefall, vil alle som deltek, gå fram og bøya kne, før dei rekk handa fram som ei tom skål og tek imot brød og vin – som gjev del i Jesu kropp og blod (1 Kor 10,16), den «nye pakt» i Jesu blod (1 Kor 11,23–27). Ein kan sjå denne knelinga som ei kroppsleggjering av at ein allereie her og no vil bøya kne for Jesus og vedkjenna at han er Herre (Fil 2,10–11). Ved hans blod er me vorte Guds familie (Ef 2,12–22).

Når du så stig ned frå altaret og snart skal ut frå kyrkja, kan du difor stå oppreist under velsigninga, for Herrens andlet lyser over deg – så du kan lyfte auga og møta hans nådige blikk og gå i fred, medan du vender deg mot verda, for å tena Herren med glede. 

Ola Aasland Vold er sokneprest for Kyrkja i Finnøy og tidligere misjonær for Misjonssambandet. 

Powered by Cornerstone