Frå Misjonssambandet sin skule, Kvitsund Gymnas.
Frå Misjonssambandet sin skule, Kvitsund Gymnas. (Foto: Kvitsund Gymnas)

Fleire vil gå på Misjonssambandet sine skular

Fristen for å søke til vidaregåande gjekk ut 1. mars. – Peiker i riktig retning, seier rektor på Kvitsund Gymnas.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 15.03.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 29.04.24 KL. 05.20.
  • Lunde
    Annonse

Misjonssambandet sine videregående skular

Nordborg videregående 

Vestborg videregående 

Val videregående

Sygna videregående

Kongshaug musikkgymnas

Norheim videregående

Lundeneset videregående

Tryggheim Forus videregående

Tryggheim videregående Nærbø

Kvitsund Gymnas

Drottningborg videregående

Hans Nielsen Hauge videregående 

Det er ikkje berre Misjonssambandet sin skule Vestborg vidaregåande som kan vise til betre søkjartal, det kan òg Kvitsund gymnas i Telemark, skilte med.

Peiker riktig retning

– 88 personar har sett oss på førsteplass i VIGO eller søkt direkte til oss. Dei er ei auking frå i fjor, då 80 personar søkte, fortel rektor på Kvitsund Gymnas, Edgar Gamst Kristoffersen.

Sjølv om Gamst Kristoffersen tykkjer resultatet reflekterer ei fin auking frå i fjor, håper han talet stig endå litt til.

– Ofte kjem der nokre ettersleparar, men me er uansett nøgde med årets søkjartal, seier Gamst Kristoffersen, som kan fortelje dei òg har 5 søkjarar til vg.2. og vg.3.

Oppdrift for helsefag

Nordborg vidaregåande har òg fått gode tal.

– På alle tre trinna er det til saman 126 søkjarar. 68 av dei søkjar seg inn på vg.1, fortel rektor Anette Sørensen Rege.

Til samanlikning var der i fjor 89 søkjararar totalt på alle trinna. 47 av søkjarane var på vg.1.

– Me er kjempenøgde, seier rektor Sørensen Rege, som fortel dei har jobba for å betre søkjartalet.

– Turar me har gjort rundt på ungdomsskular med framsnakking om helse – og oppvekstfag har gitt positive ringverknader, meiner Sørensen Rege, som presiserer at skulerådgivararar rundt om på skulane har våre med å gitt Nordborg draghjelp.

– Kommunane her nordpå er interessert i at fleire skal og må jobba innan helse i framtida, seier rektoren for skulen som har helse – og oppvekstsfag, barne – og ungdomsarbeidar og påbygg på sin timeplan.

Søkjartal 25 % opp

På Sygna videregående i Balestrand, er dei òg nøgde.

– Søkjartalet til vg.1. har gått opp 25 % frå i fjor, då antal søkjarar som har sett Sygna på førsteplass er 77 i år, fortel rektor Frode Bøthun. – Det er er eit høgare søkjartal enn det me hadde budsjettert med.

Dei gamle skulane går best

I 2023 var talet på søkjarar 1583, medan det i år ligg på 1934 søkjarar. Leiaren for skuleseksjonen i Misjonssambandet, Torleif Belck-Olsen, er usikker på kva som har gitt det gode resultatet.

Det er vanskeleg å seie noko sikkert, men det er veldig gledeleg at det gode arbeidet for å gjere skuletilbodet kjent ser ut til å ha gitt gode resultater. Det gjeld spesielt vg.1.

Generelt er det dei eldste videregående skulane som har fått flest søkjarar, kan Belck-Olsen fortelje. Dei nye skulane slit meir.

Nokon av dei nyare skulane har slitt med å få elevgrunnlaget dei har forutsett i sine planar, seier Belck-Olsen.

Dessverre har ikkje søkjartalet til alle auka slik dei ynskja, sjølv om dei har jobba godt og systematisk med å gjere undervisningstilbodet kjend, avsluttar Belck-Olsen.

Powered by Cornerstone