Skiweekend arrangert saman med Vestborg vgs. Her fra Strandafjellet.
Skiweekend arrangert saman med Vestborg vgs. Her fra Strandafjellet. (Foto: Marte Elvira Rolvsjord)

- I haust trur me på fulle klassar

Vestborg vidaregåande kan melde om rekordhøgt søkartal. – 51 personar har sett Vestborg som førsteval, fortel rektoren på Misjonssambandsskulen.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 06.03.24 KL. 11.35.
Oppdatert: 24.04.24 KL. 07.12.
  • Forlagshuset Lunde - generell
    Annonse

På Vestborg si heimeside, oppgjer rektor Jon Ove Holen, trivsel som noko han trur kan vere ein medverkande faktor for det høge søkjartalet.

Ein viktig grunn er at søkjarane kan ha lagt vekt på det elevundersøkingane til Utdanningsdirektoratet visar.

Nemleg at Vestborg ligg heilt i landstoppen når det gjeld trivsel i vidaregåande, studieførebuande fag, samt i støtte frå lærarane, seier Holen på skulen si heimeside.

Topp på trivsel

Undersøkinga Holen visar til, kan fortelje at Vestborg si vg.2-linje ligg på førsteplass på trivsel i heile landet, medan vg.3. ligg på delt fjerdeplass i trivsel, med tre andre skular.

Holen meiner god kontakt mellom lærarar og elevar er blant grunnane til at fleire trivs på skulen, som han i år meiner ligg an til å vere sikra fullt vg.1.-kull til hausten. Om lærar-elev-relasjonen seier Holen følgande.

Mellom anna er vi ein kristen internatskule med relativt få elevar, og det gjer at personalet og elevane kjem tett på kvarandre. Når det gjeld servicepersonalet og pedagogane, så står dei på langt meir enn ein kan forvente for å gjere dagane til elevane best mogleg – både når det gjeld trivsel og det faglege. 

Tillit som grunnverdi

Holen gir òg elevane ein del av æra for søkartalet til skulen han seier set tillitsbygging høgt på agendaen.

Eit døme på haldninga til elevane synte seg då vi nyleg hadde bli-kjent-helg på tunet. Då hadde vi ein rekordstor gjeng på besøk som vurderer å bli Vestborg-elev til hausten. Denne helga var det veldig flott å sjå måten elevane våre inkluderte gjestane våre på. Eg fekk mange gode tilbakemeldingar frå både bli-kjent-helg-deltakarar og foreldra deira i samband med denne helga, fortel Holen vidare på skulen si heimeside.

Har slitt med økonomien

Når Utsyn snakka med Vestborg vidaregåande i september i fjor, kunne Holen fortelje at skulen hadde gått i underskot fem år på rad. I 2022 var underskotet på to millionar kroner. På grunn av dårlege statlege rammevilkår som blant anna ikkje dekka vedlikehald av bygnadsmasse, sa han dei trong fulle klasser for å gå i balanse.

Sjølv om Holen ikkje har tru på balanse i år, er han positiv til balanse i 2025.

– Antakeleg vil me ha eit underskot i 2024 òg, for fram til sommaren har me for lågt elevtal, så det blir nok vanskeleg å rette det opp igjen til hausten. Men vi håper på betre balanse frå 2025, då kullet som kjem i utganspunktet vil fylja oss i tre år framover, seier Holen.

Powered by Cornerstone