Natalie Preminger (t.v.) med journalist Ragnhild Tegle i Synagogen i Oslo.
Natalie Preminger (t.v.) med journalist Ragnhild Tegle i Synagogen i Oslo. (Foto: Simon Berg)

Det vanskelege vennskapet

Dødstal frå krigen i Gaza stig. Det gjer óg antisemittismen. Kva reaksjon skaper det hjå Israel sine venner? Utsyn har spurt tre frå synagogen og tre frå Misjonssambandet om kva dei tenker det vil seie å støtte Israel.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 19.01.24 KL. 02.45.
Oppdatert: 29.04.24 KL. 03.50.
  • Ads - Utsyn abonnement
    Annonse

I denne saken møter du:

NATALIE PREMINGER (26), psykologistudent ved universitetet i Bergen.

JOAV MELCHIOR (46), rabbiner ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo.

MICHAEL KOHN (38), menighetsrabbiner ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo.

KJELL MAGNE YRI (80), norsk prest, lingvist og omsettar.

PAUL ODEH (63), leiar for Internasjonalt kristent fellesskap, Misjonssambandet søraust.

GUNNAR BRÅTHEN (60), generalsekretær Misjonssambandet.

– Eg er jo israelar og alle treng venner. Så eg er takknemleg for israelsvenner.

Etter ein liten tenkepause kjem orda prøvande fram. Natalie Preminger (26), utdanna jødisk vegvisar ved Oslo Met, formulerer seg med varsemd når Utsyn spør ho kva ho tenker om omgrepet Israelsvenn. Ho er ikkje den einaste.

VIL IKKJE DIKTERER VENNSKAP

Berre timar før verda får vete at Israel og Hamas har vorte einige om den fyrste våpenkvila i november, sit Utsyn i biblioteket til Det Mosaiske Trossamfund i Oslo. Me snakkar om Israel og om kva det vil seie å vere ein Israelsvenn. Omgrepet er mykje brukt blant kristne, men rabbinar Joav Melchior, vil ikkje diktere korleis dette vennskapet skal sjå ut i praksis. Ein ting er han likevel sikker på.

– Ein israelsvenn i dag er nokon som tydeleg viser medkjensle med lidinga og sorga det israelske folket står i og sympati for det etiske skviset Israel står i.

Det vanskelege vennskapetNatalie PremingerFoto: Simen Peder Aksnes Aarli

– Mellom det å måtte verna om borgarane sin tryggleik, parallelt med ynsket om å koma til fred. Rabbinaren oppfordrar israelsvenner til å ha fleire tankar i hovudet på ein gong.

– Ein må gjerne ynskja seg våpenkvile, og alle burde ha medkjensle med folk som lid Gaza. Det viktigaste er ikkje korleis ein posisjonerer seg til dette reint politisk eller kva ein meiner løysinga på dette er. Det viktigaste er at ein ikkje legg all skuld på Israel utan å stille Hamas-leiinga og dei andre arabiske landa til ansvar.

RØDE ORD FOR ISRAELSVENNER

Når eg spør rabbinar Michael Kohn kva han ventar seg av dei som kallar seg israelsvenner, listar han opp ei rekke røde ord han vonar dei vil slå ned på når dei høyrer dei.

– Folkemord, etnisk reinsking, omgrep som antydar skepsis til Israel sin rett til å eksistere eller indirekte påstandar om at Israel starta krigen.

Det vanskelege vennskapetRabbiner Michael Kohn.Foto: Simon Berg

Melchior vil óg eit omgrep til livs. I Karl Johans gate kan ein høyre slagordet «75 år med okkupasjon», ropt for eit hav av demonstrantar. Grunnen til at han reagerer er ikkje fordi han meiner det er galt å vere imot okkupasjon, men fordi talet 75 visar til åra staten Israel har eksistert. Det er ikkje snakk  om områda som vart okkupert etter seksdagarskrigen som mange kanskje tenkjer.

Melchior forklarer.

– Ved å snakke om 75 år seier ein at sjølve opprettinga av staten Israel er okkupasjon. Då er ein ekko for Hamas sin ideologi.

– Den seier at kvar jøde i Israel er okkupant, anten ein bur i Tel Aviv, Eilat, eller kvar som helst i Israel. Då vert det galt å vere israelar, ikkje berre galt å vere okkupant. Det er antisemittisme.

JØDAR ER REDDE

Det vanskelege vennskapetRabbiner Joav Melchior.Foto: Simon Berg

Den 30. oktober sende Det Mosaiske Trossamfund ut eit rop om hjelp. Det opne brevet dei la ut på Facebooksida si, fortalde om trugande hendingar synagogen sine medlemmer hadde opplevd. I brevet stod det mellom anna at det har vore meldt ifrå om ein som fekk mesusaen sin rive ned frå dørkarmen (jødisk symbol som heng ved ytterdøra). Andre har fått tilrop om at huset deira skal verta bomba.

Ein familie opplevde nokon som prøvde å koma seg inn i leilegheita deira, medan det vart ropt trugsmål mot dei. Den gongen gjekk det heldigvis bra, men synagogens medlemmer er framleis urolege for den fiendtlege tonen, dei dagleg erfarer.

– Somme jødar distanserer seg derfor til eigen bakgrunn, seier ein oppgitt Melchior.

Det Mosaiske Trossamfund

• Etablert i 1892.

• Synagogen praktiserer ein ortodoks form for jødedom.

• Den største jødiske institusjonen i Noreg. • Jobbar for å sikre at det er mogleg å leve som jøde i Noreg, og ynskjer å tilby sine medlemmer eit vidt tilbod av aktivitetar.

• Har eit uttalt ynskje om å være ein integrert del av det norske samfunnet.

Kjelde: Om det Mosaiske Trossamfund i Oslo (dmt.oslo.no) (19.12.23)

– Eg veit om folk som har vore aktive i vårt miljø før, som ikkje lenger vil koma. Dei vil utslette alle bindingar til det jødiske og til Israel fordi dei er redde. Dei vil leva vanlege liv, dei vil gå i butikken, dei vil gå på skulen, og dei vil ikkje at nokon skal veta at dei på nokon som helst måte er knytt til Israel.

EI NY FORM FOR ANTISEMITTISME

Forsking publisert april 2023 frå King’s College i London (Ekstern lenke), stadfester at antisemittismen aukar. Den rådande forma for jødehat vert omtalt som «den nye antisemittismen». Den er antisionistisk i tone og har ein retorikk som retter seg meir mot Israel enn mot jødar som folkeslag. Trusselbiletet mot jødar har fått regjeringa til å føreslå ein større økonomisk innsats i kampen mot antisemittisme i året som kjem.

Melchior er meir oppteken av støtta frå folk flest.

– Fleire seier fine ting i private samanhengar, men vågar ikkje å seie det offentleg. Like mykje som antisemittisme, skremmer det oss at fleire meiner noko utan å tørre å seie det ope.

Bodskapen frå synagogen i Bergstien er klar, dei saknar fleire venner.

ME ER DET NYE ISRAEL

Det vanskelege vennskapetKjell Magne Yri.Foto: Astrid Yri

Den tidlegare Etiopia-misjonæren Kjell Magne Yri er tydeleg på sitt vennskap til Israel. Han seier han ikkje har anna val enn å vera israelsvenn. Eit vennskap med Israel handlar for Yri om å stå opp mot lygn. Politikken har av den grunn vorte uunnverleg.

– Hamas visste at Israel måtte gå til krig som følge av terroråtaket. Dei var óg klar over at Israel måtte gå til åtak på ein måte som kom til å føre til tap av mange sivile liv. Slik ville Hamas ved hjelp av massemedia manipulere folkeopinionen og setje seg sjølv i ljos av å vere offer.

Narrativet om at det berre er det Hamas-styrte Palestina som er offer, går ikkje Yri med på.

– Stort sett jubla den arabiske verda, når dei såg terroråtaket direktesendt via palestinsk fjernsyn og andre arabiske mediekanalar. Hamas har hjernevaska folket sitt.

Han meiner det eigentleg er Hamas som sit på ansvaret for dei som døyr i Gaza. Når terrororganisasjonen sine krigarar gøymer seg blant brør og systrer, er det fordi dei medvite brukar sivile som levande skjold. Dei skyr ingen midlar i målet om å utslette Israel og alle jødar, held Yri fram.

– Hamas kjem til å terrorisere Israel, til staten og folket ikkje lenger finnest.

Yri vil ikkje vil påleggje andre israelsvenner å tenkje som han, men han seier han kan forundra seg over kristne som ikkje ser det han sjølv erfarer er sant.

– Det finnes kristne som i tråd med media fordeler all sympati mot palestinarane, gløymer alle dei fordrivne i Israel, gislane og det grufulle terroråtaket israelarane vart utsett for den 7. oktober.

Han vil minne kristne om ein ting.

– Me må huske på at me er poda inn i det same sanne vintreet, der Israel er rot og stamme. Til saman er me det nye Israel.

PEIKER PÅ JESUS

Det vanskelege vennskapetPaul Odeh.Foto: Hans Christian Bergsjø

Paul Odeh (63) er knytt til Israel i meir enn åndeleg forstand. Israel vil gå fortapt om israelsvennane berre ynskjer dei eigedom og ikkje frelse, seier han.

– Å vere glad i Israel handlar ikkje berre om å seie heia, heia, heia Israel, men viktigast er det å peike på Jesus.

Den evangeliseringsglade leiaren for internasjonalt kristent fellesskap (IKF) i Misjonssambandet sørvest, er fødd og oppvaksen i området rundt Akka i Israel. Han er arabisktalande israelar. Misoppfatningane i høve til identiteten hans er fleire. Blant anna den at han er imot Israel.

– Mange trur når dei høyrer arabar at då har eg vore muslim, og at eg dermed er i mot Israel. Men sjølv om eg snakkar arabisk, er eg ikkje arabar. Det er mange folkegrupper som snakkar arabisk i Midtausten, med vidt forskjellige etniske bakgrunnar og referansar.

– Eg er til dømes edomitt, seier Odeh, for å tydeleggjer sin eigen kulturelle bakgrunn.

Det viktigaste i Odeh sin identitet er det faktum at han er Guds barn. Denne tilhøyrsla ynskjer han óg for dei krigande partane. Derfor meiner han kristne israelsvenner si fremste oppgåve er å forkynne evangeliet.

SØK BALANSE

Odeh kjem med ei oppmoding i høve til dagens politiske situasjon.

– Vi som er venner av Israel kan klage til media, når dei formidlar einsidig eller feil informasjon. Slik kan nordmenn få eit meir realistisk bilete av konflikten.

– Kva er det du meiner media gjer som ikkje vert rett?

– Ofte byrjar dei med å fortelje litt ifrå Israel sitt perspektiv, så går dei til fullt åtak og berre fortel om alt Israel gjer galt. Det handlar om å vere kjeldekritisk. Mellom anna når nyheitsformidlarar refererer til sokalla «kjelder frå Gaza», utan å fortelje kva slags kjelder det er snakk om.

Til slutt tilrår han folk å ikkje snakke politikk frå talarstolene.

– Me må huske at det er Gud sin jobb å oppfylle profetiar. Vår jobb er bønn og evangelisering.

REAGERER PÅ MEDIEDEKNINGA

Det vanskelege vennskapetGeneralsekretær Gunnar Bråthen.Foto: Ragnhild Tegle

Som misjonsvenn er generalsekretær Gunnar Bråthen, einig med Odeh. Evangeliet er det beste ein kan gje sin venn. Samstundes meiner óg han at mediedekninga er urettvis.

– Norske media opererer ikkje nøytralt i møte med Israel. Israel blir målbore med andre standardar enn andre demokratiske land. Til dømes blir dei bedde om å tolerere større grad av fiendskap og åtak.

Bråthen meiner derfor det er bra om folk deler informasjon om Israel, om landet sin historie og om aktuelle hendingar, som no med forholdet til Hamas.

– Er det den einskilde deltakaren i Misjonssambandet som skal dele denne informasjonen eller er det Misjonssambandet som organisasjon?

– Det er eit godt spørsmål, men Misjonssambandet er jo ingen politisk organisasjon og meiningane intern i organisasjonen vil vere ulike i dei politiske spørsmåla.

KRIG ER ÓG ETIKK

Informasjonsleiar og redaktør for Utsyn, Espen Ottosen, sa til Dagen i november at Misjonssambandet ynskja å ligge lågt i spørsmål som rørde ved dagsaktuell politikk. Avisa spurte ulike kyrkjesamfunn korleis dei stilte seg til krigen mellom Israel og Hamas. Utsyn spør derfor Misjonssambandet kvifor dei har funne det rett å uttale seg offentleg om abort, kjønn og konverteringsterapi, men ikkje om den pågåande krigen?

– Sakene du der nemnar er meir reindyrka etiske spørsmål. Dei får politiske konsekvensar, men dei er i utganspunktet etiske spørsmål som gjeld heile det norske folk.

– Er spørsmålet om Israel sin rett til å forsvare seg mot land som går til åtak på dei, eit etisk eller politisk spørsmål?

– Det er i utgangspunktet politisk, men når politikken vert sett ut i livet vil ein koma inn på etiske spørsmål. Krig er jo eit etisk spørsmål, og då kjem ein inn på etikken når ein snakkar om Israel sin rett til å forsvare seg.

EI SLAGS RØYST

Bråthen seier han trur dei fleste forstår at Misjonssambandet er Israelsvenner, mellom anna fordi dei er misjonsvenner. Han tenker likevel Misjonssambandet kunne ha vore tydelegare om dette vennskapet.

– Me kunne ha vore ei slags røyst. Ikkje berre som misjonsvenner, men kanskje óg i det offentlege rom, seiar Bråthen ettertenksomt.

Etter litt kjem det.

– Men det vil då gå på dei grunnleggjande spørsmåla.

– Kva er dei grunnleggande spørsmåla?

– Det er at me er glade Israel fekk tilbake landet sitt. At me er glade dei fekk landet sitt gjennom rettmessige prosessar. Så kan me seie at dei har rett til å forsvare seg og at me ynskjer dei skal få bu i landet sitt i fred.

ETISK SKVIS.

Til ei kompleks konflikt følg mange meiningar. Israelsvennane Utsyn har snakka med meiner derimot det er for få israelsvennlege perspektiv blant desse.

Rabbinar Melchior kallar det ein underkommunikasjon av Israel sin etiske skvis. Det er for stilt, held han fram, i det han oppfordrar folk til å gå dei i forsvar.

For på same måte som Israel sin eksistens er under åtak, fryktar mange norske jødar sin eigen tryggleik. Jødane som kjenner seg redde prøver gjerne å gøyme banda til Israel.

Melchior ber israelsvenner vere desto tydelegare. For like mykje som antisemittisme, skremmer det rabbinaren at mange seier ting privat utan å dele det i ope lende.

Powered by Cornerstone