Illustrasjonsfoto frå Sentral-Asia
Illustrasjonsfoto frå Sentral-Asia (Foto: Privat)

Utsending betre etter livstruande skade

Skadd utsending gjennomgjekk operasjon og vart sendt til Noreg. – Helsa er på veg oppover, fortel regionleiar.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 07.03.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 24.04.24 KL. 06.08.
  • Annonse - FiH
    Annonse

Ei ulykke fann stad då ein av utsendingane i Sentral-Asia spelte fotball. Vedkomande datt på ein betongkant og fekk hjernebløding. Tilstanden var livstruande og dei visste ikkje korleis det ville gå.

Den skadde utsendingen gjennomgjekk operasjon og vart følgeleg verande på sjukehuset i Sentral-Asia halvanna veke frå midten av februar. Deretter vart vedkomande sendt heim med ambulansefly til Noreg.

No ligg utsendingen på sjukehus i Noreg og helsa er på veg oppover, kan regionleiar for Sentral-Asia, Berit Ådnanes fortelje.

Familien ynskjer å reise tilbake til Sentral-Asia, men han må verta betre før me kan sei noko sikkert om kva som vert det neste steget, presiserer Ådnanes.

Bli med å be

I det sentralasiatiske landet der utsendingen jobbar, har ei bønnegruppe blitt oppretta.

Der er 200 medlemmar, hovudsakleg frå det sentralasiatiske landet, men òg frå Noreg, seier Ådnanes, som oppmodar alle til å vere med å be for utsendingen og familien.

Fortsett lesingen med disse:
Powered by Cornerstone