Slik skal de nye uteområdene til Tryggheim skoler se ut.
Slik skal de nye uteområdene til Tryggheim skoler se ut. (Foto: Aros arkitekter)

Tryggheim låner 38 millionar

Hovudstyret har vedteke lån til Tryggheim, i realiseringa av prosjektet som skal stå ferdig 2030. Først ut er nytt internatbygg. SE TEGNINGER AV DE NYE BYGGENE.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 22.02.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 24.04.24 KL. 05.36.
  • Annonse - FiH
    Annonse

Ein utdatert bygningsmasse vart utganspunktet for skulen sin visjon.  

Tryggheim låner 38 millionarSlik ser bygningsmassen ut i dag.Foto: Tryggheim

– Bygningane har ikkje godt nok inneklima, fagfolk råda oss derfor til å riva internatbygget Austheim og å pussa opp den resterande bygningsmassen. 

Nye bygg

Tryggheim låner 38 millionarSlik skal internatbygget se ut.Foto: Stav arkitekter

Der internatbygget Austheim nå står, skal nytt undervisningsbygg reisast. Det skal stå klart om cirka tre år. 

– Først og fremst vil det nye bygget sørga for betre plass for Helse- og oppvekstfag, og for Elektro og datateknologi, seier Viste, som påpeiker at det nye internatet er det første som må stå ferdig. 

heimesida til Tryggheim står det at internatet vil bestå av 36 dublettar, medan undersvisningsbygget rommar inntil 190 elevar. I tillegg til det, fortel Viste, skal dei utbetra uteområda.  

– Det blir meir grønt, mindre asfalt og fleire soner, seier Viste.

Kommunen heier

Tryggheim låner 38 millionarSlik skal nytt undervisningsbygg se utFoto: Stav arkitekter

Bygga er teikna av STAV arkitektar. Internatbygga er inspirert av løer med høge møner rundt om på Jæren, medan undervisningsbygget orienterer seg rundt behovet for fleksible romløysningar.

Viste fortel at Tryggheim i lengre tid har kommunisert sine ynskjer og behov ovanfor sin eigar Misjonssambandet. 

– Ettersom økonomien på skulen vår har vore god over lengre tid og elevtalet har vore jamt godt, trur eg hovudstyret fann det trygt å tiltru oss dette lånet, seier Viste. 

Prosjektet har støtte frå fleire hald. 

– Kommunen heier på oss. Dei har gjort det dei kan for å legge til rette for oss, seier Viste, som trekk fram at Tryggheim på Nærbø er skulen i Rogaland, som i følgje ei ny elevundersøking, skårar høgast på trivsel blant 1.klassingar i fylket.

Men det stoppar ikkje der. – Me vil tilby elevande betre undervisningsvilkår enn i dag. Det handlar om å vere framoverlente, avsluttar Viste. 

Powered by Cornerstone