Omslag Bertils båt
Omslag Bertils båt (Foto: Forlagshuset Lunde)

Ein båt når livet stormar

Min båt er så liten og havet så stort. Bertils båt vil gi hjelp til å navigera når livet stormar.

Tekst: Simen T Karlsen
Publisert: 21.02.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 24.04.24 KL. 05.06.
  • Annonse - Hovland og Ottosen
    Annonse

Bertils båt

Dagfinn Wasbø

Lunde forlag, 2023

148 sider

Kvifor vart eg til? spør tolv år gamle Bertil mora si i Bertils båt av Dagfinn Wasbø. Dei bur saman i Subbevikveien 3, samt med syster Silje – faren bur anna stads.

Då mora byrjar å gi forklaring ut frå korleis born blir til, avbryt Bertil ho og gjentek: Kvifor!

SKILSMISSE OG SÅR

Mora skildrar livet ved bruk av ein metafor; havet som du skal kryssa og navigera i. Bertil lagar så ei teikning av ein båt på havet, som blir illustrert fint i boka.

Nabo Gundersen er ein avdanka sjøulk, introvert og livsklok, så når Bertil gjev han tillit og høve til å tala, kjem nye visdomar fram i dagen. Bertil pratar med faren over telefon, skilsmisse og såra det medfører vert tematisert.

Bertils båt vert bygd og vert stadig betre utstyrt. I møte med ein pøbelgjeng må Bertil og Gundersen nytta filosofien i praksis. Kva må til for at båten skal kunna navigerast trygt i havet, sjølv når det stormar? For det gjer det stundom i kvart eit liv.

BEVISSTGJERING

Ein styrke ved boka er nettopp dette: Ho inneheld eit omgrepsapparat, ei bevisstgjering av språket, som er sentralt for å tenkja eige kjensleliv og kva det er som styrer ein her i livet.

Sentrale omgrep er tru, håp og tvil, kjærleik, tolmod og frykt.

Kanskje kan det bli litt mykje av det gode, ved at boka innehar ein for didaktisk tone.

Men her er tema og kategoriseringar som alltid vil vera aktuelle, for born som for vaksne. Havet er stort, og vi treng alle gode båtar.

Powered by Cornerstone