Frå konferansen Fellesskap 24, i Oslo.
Frå konferansen Fellesskap 24, i Oslo. (Foto: Live Bech-Sørensen)

Løftar blikket i fellesskap

Konferansen for leiarar og tilsette i Misjonssambandet, handla denne helga om å løfte blikket, frå sitt eige til folk rundt, frå å fokusere på det lokale fellesskapet til ei påminning om den kristne sitt verdsomspennande misjonsoppdrag.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 12.02.24 KL. 01.50.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.23.
  • Annonse - KNIF Jobb
    Annonse

Ein av arrangørane for konferansen Fellesskap 24, ungdomskonsulent i Misjonssambandet ung, Andreas Furnes, fortel målet med konferansen er tredelt.

Me ynskjer å gje leiarane våre åndeleg påfyll, nye verktøy i rolla som leiarar og moglegheita til å bygge nettverk.

Gjestfriheit

Løftar blikket i fellesskapFoto: Live Bech-Sørensen

Furnes seier tre tema gjekk igjen på samlinga, der gjestfriheit var eitt av dei.

Etter at gjestfriheit vart eit uttalt mål i Misjonssambandet sin strategi, har me ynskja å oppmode folk til nettopp det, seier Furnes. Han held fram. — Det vart snakka om kva gjestfriheit kan vere ut i frå evangeliet og om korleis det kan sjå ut i våre lokale fellesskap.

Frimodigheit

Egyptaren Medhat Joussef, var blant deltakarane som talte under konferansen. Han fortalte om korleis det er å vere kristen i Egypt.

Dei norske kristne søv, kan Furnes fortelje egyptaren sa frå scena. — Han etterspurde større frimodigheit frå dei kristne i Noreg.

Salme 24

Løftar blikket i fellesskapFoto: Live Bech-Sørensen

Høgskulelektor ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole, Simeon Ottosen, la ut frå Salme 24.

— Bodskapen var at alt høyrer Herren til, seier Furnes. —Spørsmålet som vart reist, var korleis me kan forvalte dette ansvaret, held Furnes fram, og fortel dei vart oppmoda til å løfte blikket. Frå sitt lokale fellesskap, til resten av organisasjonen, men òg til kallet om å forkynne evangeliet til dei som endå ikkje er nådd.

Plass til fleire

Furnes sa til Utsyn i november, at dei ynskja invitasjonen til årets konferanse skulle nå ut til endå fleire. Ut i frå tala til administrasjonsleiar Kjersti Lilleaasen, lukkast dei ikkje heilt med det, då dei i år som i fjor, telte 200 deltakarar. Talet var betre når det kom til alderen på deltakarane.

— Dei fleste i forsamlinga var unge, men me såg folk frå alle aldersgruppar, fortel Furnes, som seier fellesskapet på tvers av generasjonar, var eit mål i seg sjølv.

 

 

Powered by Cornerstone