Tove Stang Karlsen står i spissen for nytt bønnenettverk
Tove Stang Karlsen står i spissen for nytt bønnenettverk (Foto: Misjonssambandet)

– Stille bønnevekking

Misjonssambandet har sett i gang eit bønnenettverk. – Eg ser ei stille bønnevekking i Noreg, seier initiativtakar Tove Stang Karlsen.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 08.02.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 07.52.
  • Forlagshuset Lunde
    Annonse

– Ingen er usamde i at bønn er bra.

– Men eg spør meg kor sterk trua på Gud eigentleg er. Trur me Gud har all makt og at han kan og vil svare på alle våre bønner? spør Karlsen.

Me prøvar å ordne opp i for mange ting sjølv. Ting me kunne ha gitt til Gud, som verkeleg kan og vil ta seg av det som uroar oss, tenker Karlsen høgt. Ho har derfor kjend seg leda til å lyft e bønn.

– Mange sit i sitt løynkammer, men eg vil at dei som sit for seg sjølv, skal erfare at me er fleire der ute.

BØNN I FELLESSKAP

Når fleire ber i lag, trur ho språket og perspektiva omkring bønn utvidar seg. I saman med andre lærar ein seg fleire ord, og ein vil erfare og forstå bønn på nye måtar. Dessutan er det ein arena der ein kan dele bønnesvar. Ho gir eit atterhald.

– Men me må tore å være konkrete i bønnene våre, då vil me lettare sjå at Gud svarar.

– Det er til dømes veldig bra at me ber om at Gud må velsigne den og den, eller bevare desse, men det er ikkje like målbart som å leggje fram våre draumar og behov.

Stang Karlsen vonar me skal verta meir frimodige i bønn.

– Me må be om at store ting må skje. Lat oss ikkje berre be om at ein kristen familie må flytte til bygda med det nedleggingstrua bedehuset.

Engasjert held ho fram.

– Lat oss be om at den neste pianisten kjem frå bygda. At nokon, eller heile bygda, skal verta frelst, så nye kristne får drive arbeidet vidare.

BLI MED

– Ynskjer ein å være med i bønnenettverket, så nøl ikkje med å ta kontakt, oppmodar Stang Karlsen.

På e-mailen tkarlsen@nlm.no kan den som vil, melde seg på for regelmessige bønnebrev.

– Den einskilde deltakaren kan både dele og ta i mot bønneemne som ein sjølv tar med seg i bønn eller deler med ei bønnegruppe ein deltek i, forklarar Karlsen.

Ho legg ikkje nokre føringar på korleis den einskilde gruppa eller kristne vil be, men minner om ein ting.

– Husk å takke Gud for alt han gjer i livet ditt. Be, utan å vente å få noko tilbake. Bruk tid med Gud som om det var ein ven. Fortel han kva du sett pris på i relasjonen dykkar.

Powered by Cornerstone