Anne Marit Naustvik (biletet), teiknar eit bilete av misjonslivet, som ikkje er like idyllisk, som det ein ofte fekk inntrykk av.
Anne Marit Naustvik (biletet), teiknar eit bilete av misjonslivet, som ikkje er like idyllisk, som det ein ofte fekk inntrykk av. (Foto: Sendt Bort si heimeside.)

Medlemstalet stig i Sendt bort

Medlemstalet stig for misjonærbarnas støttegruppe, Sendt bort. Fleire foreldre og lærarar frå internatskulane er òg tilslutta organisasjonen, som søker ei verdig oppreising for dei med traume frå felt.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 06.02.24 KL. 04.30.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.57.
  • Annonse - Hovland og Ottosen
    Annonse

Trass sin unge alder, har organisasjonen som vart starta på randen av 2023, alt fått 350 medlemmar per 6. januar. Mange av dei er misjonærbarn, men òg misjonærar og lærarar frå internata er medlemmer av gruppa. Ei av dei som har våre med å starte organisasjonen, Anne Marit Naustvik, misjonærbarn ved skulen i Nairobi, klinisk barnevernspedagog og kognitiv terapeut innan traume – og omsorgssvikt, kan fortelje om ein overveldane respons.

— Veldig mange har teke kontakt og takka oss for at me gjer dette. Mange deler gode minner, samstundes fortel fleire dei har slitt med helsa heile livet, fortel Naustvik.

Medlemstalet stig i Sendt bortAnne Marit Naustvik og broren Jarle Naustvik, i Afrika.

— Internatbarna fortel om omsorgssvikt fordi dei måtte vere fråskilde frå foreldra i lengre tid, nokon fortel om seksuelle krenkingar. Me høyrer om barn som vart mobba på skulen, utan at dei kunne rekne med å bli trøysta og utan at mobbinga vart teke tak i. Andre har sagt dei ikkje har eit einaste godt minne frå felt, seier Naustvik, som ikkje vil legge skulda på lærarane.

— Det var for få lærarar og for lite ressursar tilgjengeleg. Dei fleste gjorde så godt dei kunne, men av truskap til misjonen fortalde dei sjeldan foreldra heile biletet, om korleis det stod til på skulen og med barna deira. Det har vorte til ei traume, både for lærarar og for foreldra våre, seier Naustvik.

Eit kollektivt traume

Naustvik trur Misjonssambandet òg ber med seg ei traume.

— Dette er ei kollektiv traume. Det må vere vanskeleg, både for Misjonssambandet og for misjonsfolk i bygd og by, som har strikka, sylta, samla inn gåver og laga kaker til basarar og misjonsforeiningar heile livet, å ta innover seg at dei har våre med på eit arbeid, som har påført mange barn og foreldre, smertefulle sår.

— Dei gjorde det i beste meining, men nå er det tid for sjølvransaking, insisterer Naustvik.

Misjonærbarnpodkast vart starten

Bakgrunnen for opprettinga av organisasjonen, var Øystein Stene sin podcast, Misjonærbarna.

— Det var bror min, Jarle, som først fekk spørsmålet om å delta i podkasten. Han sa eigentleg nei, for han huska ingenting frå tida på skulen i Nairobi, alt var blankt. Då sa Øystein Stene til Jarle, at det i seg sjølv, var ein grunn til å delta. Eg vart etterkvart òg med i podkasten, delvis fungerande som Jarle sitt minne, men òg for å koma med innspel i høve til traumeforskninga, seier Naustvik.

Deltakinga i podkasten gjorde at søskenparet Naustvik fekk høyre fleire historier om vonde oppvekstvilkår og skjelsettande hendingar frå ulike misjonærbarn. Jarle, som i utganspunktet hadde tenkt på barndommen som eit tilbakelagt kapittel, kjende noko endre seg for han.

— Kan me kjenne desse vonde skjebnane, utan å gjere noko, spurde Jarle søstera si.

— Nei, sa Anne Marit, som fekk med seg broren Jarle og misjonærbarn frå Etiopia, Målfrid Ljønes Kvålo, og starta Sendt Bort. Slik vart podkasten ein katalysator for ei større rørsle.

Ei retraumatisering

Fleire av Sendt Bort sine medlemmer, fortel om ein opprivande og vond dialog med Misjonssambandet. Mange har kjend seg avvist når dei har teke kontakt med Misjonssambandet.

— Anten fordi dei har kjend seg mistrudd eller fordi dei har måtta forklare historia si om att og om att, ofte til ulike personar, seier Naustvik, som kallar ei slik negativ handtering retraumatiserande. — Når ein fortel ei traume mange gonger, og til og med til fleire ulike menneskjer, vert det både sårt og retraumatiserande.

Naustvik seier dialogen om omsorgssvikt for nokon har våre så øydeleggande, at det har kjenns som eit nytt overgrep.

— Kvar gong ein fortel om det vonde, gjenopplivar ein det vonde. Men det å kjenne seg mistrudd, påfører nye traumer, fortel Naustvik.

Håp for betre dialog

Etter at Naustvik las Utsyn sitt intervju med Misjonssambandet sin leiar i utlandsavdelinga, Hans Arne Sanna, har ho kjent på eit fornya håp.

— Det verker som Sanna forstår kva dette eigentleg dreier seg om, så det lovar bra.

At Misjonssambandet har fått ein ny generalsekretær, Gunnar Bråthen, er heller ikkje negativt. Naustvik meiner ein ny mann i rolla kan gje saka eit nytt blikk.

— Me ser fram til samtalen me snart skal ha med Sanna og Bråthen, seier Naustvik, som saman med Sendt bort, reknar dialogen som byrjinga på ei lengre tids utarbeiding av nye og betre tiltak og kompensasjonsordningar for misjonærbarn – og foreldre

— Kva oppreising er de ute etter for foreldra?

— Som generalsekretær Grandhagen sa, foreldra skal ikkje bera ansvaret for internatskuleordninga.

— Ordninga var sett i stand av Misjonssambandet, og foreldra leverte barna sine der i god tru, gjengjer Naustvik generalsekretæren sine ord, frå 2009.

Etterspør moralsk ansvar

I rettssaka som stod i 2013 understreka Misjonssambandet og Frikirken at foreldra hadde det juridiske ansvaret for sine barn selv om dei var på internatskule. Tilliten til organisasjonen vart etter det svekka og lik null, for fleire misjonærbarn – og foreldre, fortel Naustvik.

— Me vil ordne opp med foreldra våre og Misjonssambandet før foreldra våre døyr, held Naustvik fram.

— Kva håper de kjem ut av dialogen med Misjonssambandet?

— Me håpar Misjonssambandet vil vise oss kva dei legg i det å ha eit moralsk ansvar. Tiltakspakkane og kompensasjonsordningane må bli betre og meir tilgjengelege for dei det gjeld, handlingsplanen og støtteapparat må bli utarbeida i tråd med det siste innan traumeforsking, og ikkje minst må planen utarbeidast i lag med misjonærbarna sjølv.

Grunnleggande seier Naustvik det handlar det om å bli trudd, høyrt og teken på alvor, ikkje berre i ord, men òg i handling.

— Me ventar oss meir av ein kristen organisasjon, det vil sei, større vilje til forsoning, nestekjærleik og sjølvransaking, enn det me så langt har sett, høyrt og erfart, avsluttar Naustvik.

Powered by Cornerstone