Den åttearma ljosestaken, frå jødane sin synagoge i Bergstien 13 i Oslo.
Den åttearma ljosestaken, frå jødane sin synagoge i Bergstien 13 i Oslo. (Foto: Ragnhild Tegle)

Misjonssambandet står med jødane

Laurdag 3. februar arrangerast ei støttemarkering mot antisemittisme utanfor Stortinget. Ingen representantar frå Misjonssambandet kjem på arrangementet, men generalsekretær Gunnar Bråthen seier dei gir si støtte.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 31.01.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.46.
  • Annonse - Hovland og Ottosen
    Annonse

På Eidsvolls plass utanfor Stortinget skal fleire kristne organisasjonar stå side om side med bodskapen om at dei som kyrkje står saman med jødane. Arrangøren er International Christian Embassy Jerusalem (ICEJ). Misjonssambandet står oppført som medarrangør saman med blant anna Pinsebevegelsen, DELK og IMF. 

Jødar er redde 

Ei undersøking utførd blant 326 norske jødar, publisert 30. november 2023, vitnar om ei urovekkande antisemittisk utvikling. Undersøkinga slår fast at antisemittismen er størst blant muslimar (63 prosent), dernest folk dei meiner har politisk venstreorienterte sympatiar (48 prosent).

7 prosent av jødane oppgjer at det antisemittiske åtaket dei seier dei har erfart, kom frå nokon med kristen bakgrunn.  

Media kjem òg dårleg ut av det. 94 prosent av dei spurde, seier dei opplever at media si dekning er ubalansert i palestinarane sitt favør, medan 96 prosent seier dei trur media har gjort det vanskelegare for dei å vere jødisk i Noreg. Heile 81 prosent seier dei etter 7. oktober har vurdert om Noreg er eit trygt land for dei å bu i, medan 82 prosent seier dei har latt vere å fortelje at dei er jødar, i frykt for ubehagelege opplevingar. 

Står mot antisemittisme 

På bakgrunn av den auka antisemittismen, ynskjer Misjonssambandet å vise si støtte til jødane. 

— Me støtter solidaritetserklæringa ovanfor jødane, seier generalsekretær Gunnar Bråthen.

— Men det vart misvisande å kalle oss medarrangør, då me ikkje har hatt noko aktiv rolle i tilstellinga, held han fram.  

Generalsekretæren, som tidlegare har uttalt til Utsyn at Misjonssambandet kunne ha våre ei tydelegare røyst for Israel i offentlegheita, understrekar at organisasjonen er mot all form for antisemittisme.  

— Er dette eit initiativ som kjem frå Misjonssambandet for å tydelegare markere si støtte til Israel i offentlegheita? 

— Det var Israelsmisjonen som tok kontakt med Misjonssambandet og spurde om me ville støtte oppropet mot antisemittisme, seier Bråthen, som òg kan fortelje at dei vart oppfordra til å halde ein appell, noko dei takka nei til. 

Powered by Cornerstone