Nyutgaven av Sangboka er ikke ulik den «gamle blå».
Nyutgaven av Sangboka er ikke ulik den «gamle blå». (Foto: Anders Artmark Aanensen)

Ny sangbok

Sangboken, syng for Herren (1983) har lang tradisjon på bedehuset. Noverande utgåve er utseld. Forlagshuset Lunde skal selje ei ny, men liknande songbok, produsert av Norsk Bibelkirke.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 01.02.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 06.52.
  • Annonse - KNIF Jobb
    Annonse

– I slutten av boka finn du Luthers lille katekisme, fortel forlagssjef for Forlagshuset Lunde, Ketil Jensen. Kvar einskild song har i tillegg bibelreferansar som kan gje lesaren ei djupare forståing av det dei syng eller les.

GRUNNLAG FOR ANDAKT

For boka kan også lesast, oppmodar Jensen.

– Ved å bruke den lille katekismen, bibelversa som ligg framfor dei einskilde tematiske kategoriane, og songane, finn den som vil, grunnlaget for fleire andaktar.

– Er det ein marknad for dei fysiske songbøkene i dagens digitale kvardag?

– Me har opplevd at fleire har spurt etter både songboka og den tilhøyrande noteboka, men me har vore heilt utselde.

FOKUS PÅ ENDETIDA

– Har boka andre tillegg som er interessante å veta om?

– Den har eit litt tydelegare fokus på endetida, nokre songar er tekne vekk, andre lagde til, men i det store og det heile det mykje kjent frå den gamle, «blå songboka», med litt ekstra.

Songboka heiter Sangboka, Norges kristne sang- og salmebok, og på framsida står det skrive, Jesus, på hebraisk. Du får kjøpt boka fleire stader.

– På heimesida vår, i kristne bokhandlarar og for så vidt alle dei store bokhandlarane rundt om i landet, om ein berre ber dei bestille den inn, avsluttar Jensen.

Powered by Cornerstone