Tusenvis av tonn klær blir levert i NLM Miljøs innsamlingsbokser årlig.
Tusenvis av tonn klær blir levert i NLM Miljøs innsamlingsbokser årlig. (Foto: Ragnhild Tegle)

Over 50 millionar i overskot

Nok eit år ser tala gode ut for NLM Miljø og NLM Gjenbruk.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 23.01.24 KL. 02.42.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.29.
  • Annonse - KNIF Jobb
    Annonse
Over 50 millionar i overskotBent Udnesseter, daglig leder i NLM Miljø.Foto: Privat

På fødselsdagen til den dagleg leiaren Bent Udnesseter, utplasserte NLM Miljø boks nummer 1000. Datoen for avduking var 12. desember, staden var Halden og Udnesseter sin entusiasme er stor.

– For oss er dette ein stor milepåle, seier han, og legg til at overskotet for NLM Miljø styrer mot over 6 millionar i år.

VERDIKJEDA

– Cirka 30 000 tonn av det me nordmenn kastar årleg, går til diverse innsamlarar. NLM Miljø er blant dei. Det meste av tøyet som samlast inn eksporterast til Polen. Der sorterast det for gjenbruk, dernest resirkulering.

10 prosent går til Misjonssambandet sine gjenbruksbutikkar her i Noreg. 10 prosent er nok for Gjenbruken (tidlegare NLM Gjenbruk), som går mot eit svært godt overskot i 2023.

GJENBRUK

Over 50 millionar i overskotTommy EriksenFoto: Anders Artmark Aanensen

– Det går mot ei totalomsetning på 110 millionar, fortel Tommy Eriksen, assisterande dagleg leiar for Gjenbruken.

– Overskotet på 45 millionar, går til Misjonssambandet sine prosjekt.

– Kva trur du skuldas det stor overskotet?

– Det vert stadig meir vanleg å handla brukt. Dyrtid kan ha vore medverkande, men overordna handlar det om at fleire får auga opp for at me sel produkt som er fine og med god kvalitet, avsluttar ein nøgd Eriksen.

Powered by Cornerstone