Generalsekretær Gunnar Bråthen ser inn i det nye året.
Generalsekretær Gunnar Bråthen ser inn i det nye året. (Foto: Ragnhild Tegle)

– Eit fantastisk stykke misjonshistorie

Misjonssambandet er organisasjonen i Norden som sender ut flest misjonærar. Mange er kalla til det store utland, men generalsekretær Gunnar Bråthen understrekar at Gud først kallar oss til seg.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 20.01.24 KL. 09.00.
Oppdatert: 24.04.24 KL. 05.11.
  • Annonse - Hovland og Ottosen
    Annonse

Inn i det nye året reflekterer Bråthen rundt kva det vil seie å være Jesu etterfølgjar. Han fortel om sonen han seier kanskje var litt utskjemt.

– Josef var faren sin yndling, men det var då han vart kasta i brønnen, sett i fangenskap og som slave Gud forma og førebudde han til sin plan.

Bråthen blir bedt om å utdjupa det gode med dette vonde kapittelet i Josef sitt liv.

– Ein kan berre bli audmjuk ved å bli audmjuka, held han fram.

Guten med den fargesprakande kappa fekk vera ein del av noko større. Generalsekretæren listar opp: Forsoning i eigen familie, redda eit folk frå hungersnød, vera med i Gud sin frelseplan.

Det kan høyrast ut som ein del av Misjonssambandet sitt kall i dei femten landa organisasjonen jobbar i.

BETRE VARSLINGSKULTUR.

– Kva er det du ynskjer å fokusera på i det nye året?

– Me vil jobbe for å nå dei strategiske måla som vart sette på generalforsamlinga.

Strategien går blant anna ut på å nå dei som ikkje har høyrt evangeliet, det å nå nye generasjonar og å bygga gode fellesskap.

Bråthen vonar dei óg vil koma seg vidare frå varslingssakene, så dei kan bruke meir tid på misjon.

– Kva har blitt gjort for å skapa ein betre varslingskultur i organisasjonen?

– Det finst konkrete saker organisasjonen har jobba ganske lenge med. Her har det blitt teke viktige skritt.

– Alle varslingar går gjennom varslingsinstituttet, så dei rutinane me har no, er ganske gode, men me skal prøva å få dei implementerte i enda større grad.

Nokre læringspunkt er der framleis å hente ut, ifølgje Bråthen.

– Blant anna spørsmålet om når ein skal koble på eksterne personar. Den gjennomgangen skal me få på plass i løpet av året som kjem.

MANGE INNTRYKK.

Det er misjon som engasjerer Bråthen mest blant dei strategiske måla. I det høve vert det relevant å spørje generalen om hans første tur til Afrika, nærare bestemt Etiopia. Fleire ting gjorde inntrykk.

Turen har blant anna fått han til å tenke over kva type arbeid misjonærane ikkje kunne utført utan ein stor misjonsorganisasjon i ryggen.

– Misjon handlar om å sende enkeltpersonar. Likevel finns det arbeid éin, to eller tre misjonærar ikkje kunne ha gjort utan eit stort apparat rundt seg.

Bråthen kjem med nokre døme.

– Store helseprosjekt, sjukehus, undervisningsprosjekt, og ikkje minst har me i Etiopia fått være med å bygge opp verdas største lutherske kyrkje, Mekane Yesus-kyrkja.

– Det er eit fantastisk stykke misjonshistorie, seier ein audmjuk Bråthen.

Fleire gonger nemner han dei varme møta han såg mellom dei no pensjonerte misjonærane og etiopiarane. Han seier dei gode relasjonane har gitt Misjonssambandet eit svært godt omdømme, sjølv i områda der det er sensitivt å evangelisere.

– Ofte er målet for misjonærar som jobbar i sensitive områder å tone ned forbindinga til misjonsorganisasjonen. I Etiopia verkar ikkje det like viktig, då Misjonssambandet nyt stor tillit hjå folk.

SKULE SOM STRATEGI.

Me vender nasen heim igjen. For her er der óg kristne forsamlingar som skal vekse og ivaretakast. Ein måte Misjonssambandet gjer det på, er gjennom skulane.

– Skulane har alltid vore strategisk viktige for Misjonssambandet. Både for å nå nye generasjonar med evangeliet, og for å rekruttere folk til arbeidet.

– No ser me derimot at rammevilkåra vert dårlegare for private skular, med føreslåtte kutt i statsstøtte og dyrtid. Generalsekretæren vil likevel halde fram med å satse på skulane, då dette er arbeid som engasjerer mange.

– Skulane kan óg betre gåveinntektene, seier Bråthen. – Det trengs i økonomiske nedgangstider som no.

VARSLAR KUTT.

Det komande året har hovudstyret laga eit budsjett som anslår eit underskot på 7 millionar.

– Det tenkjer eg er forsvarleg. Samstundes har me måtta gjere nokre kutt.

– Veit du noko konkret om kven og kva prosjekt som vert ramma?

– Me kuttar omkring 3 millionar på felta, men det er avdeling Utland som sjølv finn ut korleis det skal kuttast. Så vert det litt her heime, og litt på hovudkontoret.

Bråthen seier det er lønn som er den største utgiftsposten, så kutta vil i hovudsak handla om å sjå på stillingar.

– Nokre stillingar må me vente med å setje folk til, nemner Bråthen blant aktuelle tiltak for å få ned kostnadane.

Samtalen går over til noko Bråthen kan fastslå med større sikkerheit, nemleg at det er behov for styrking av Misjonssambandet sine forsamlingar i eit Noreg som endrar seg.

BYGGING AV FORSAMLINGAR

– Tida forandrar seg, då må óg me tenke nytt i være fellesskap, seier Bråthen, medan han understrekar at han ikkje har alle svar på korleis ting skal riggast.

Ein kjepphest har han likevel.

– Me må finne balansen mellom det å bygge gode, stødige forsamlingar her heime, og det å drive med misjon.

– Lat oss ikkje gløyme at me først og fremst er ein misjonsorganisasjon.

– Misjonsorganisasjon, i motsetnad til kva?

– Eg vil ikkje gjere det til ein motsetnad, men i det me meir og meir liknar eit kyrkjesamfunn, må me ikkje gløyme at det er misjon som har samla oss.

HUND ER ÒG VIKTIG.

Misjon er essensielt, men hunder visst óg ein del av livet til generalsekretæren. Det ligg mykje hundehår på teppet under stolane me har sete på.

– Har du hund?

– Ja, vil du sjå, seier Bråthen.

Han tek fram mobilen. På skjermen er der ein stor kvit hund som stikk hovudet inn i ein sjuarma ljosestake. Hunden ser ut av vindauget, inn i ein klar blå vintermorgon. Bråthen kikkar opp over brilleglasa.

– Fin hund, seier han.

Hunden er fin. Utsynet i den klare, blå morgonstunda likeins.

Fortsett lesingen med disse:
Powered by Cornerstone