Frå presentasjonen av Åpne Dørers World Watch List. F.v. Daniel Mathisen, Erna Solberg, Dag Inge Ulstein, Ole Petter Erlandsen, Morten Askeland, Linda Askeland.
Frå presentasjonen av Åpne Dørers World Watch List. F.v. Daniel Mathisen, Erna Solberg, Dag Inge Ulstein, Ole Petter Erlandsen, Morten Askeland, Linda Askeland. (Foto: Åpne dører)

Rekordhøg forfølging av kristne

Det går feil veg for trusfridomen, kan Åpne Dører si World Watch list melde. Statistikkane organisasjonen mot forfølging av kristne lanserte 17. januar, var ikkje gode nyheiter for kristne og for demokratiet.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 18.01.24 KL. 09.20.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 07.19.
  • Forlagshuset Lunde
    Annonse

Kristne som har måtta flytte ut av heimen sin har meir enn dobla seg, åtak mot kristne institusjonar har sjudobla seg og mørketalet på kristne som er drepne antek ein er høgare enn det som allereie er registrert – 4998 kristne brør og systrer er ikkje med oss lenger, fordi dei trudde på Jesus .

– Takk til alle som deler. Me treng å fortelje folk om viktigheita av tru i den kristne sitt liv, om kor viktig det er for å få vere seg sjølv. – Gir me rom for tru, får me eit betre samfunn, sa tidegare utviklingsminister, Dag Inge Ulstein på presentasjonen av rapporten.

Han er oppteken av trusfridomsspørsmålet.

– Det er så fjernt frå vår eigen kvardag. Me treng å sjå det, høyre det og få kunnskap om det, seier Ulstein.

Ekstrem auking i India

Rekordhøg forfølging av kristneErna Solberg deltok på Åpne Dørers presentasjon av World Watch List.Foto: Åpne dører

Frå rapporteringsperioden til WWL i India i 2022 til år, har talet på kristne heimar som har vore åtekne gått frå 91 til sjokkerande 5900. Fagleg leiar for Åpne dører, Ole Petter Erlandsen, skildrar ei urovekkande likegyldigheit frå statleg instans.

Frå myndigheitene si side er det øredøyvande stilt i kjølevatnet av åtaka. Det vert av militsen oppfatta som ei oppmoding til å halde fram med valden.

Leiar for Høgre, Erna Solberg, som òg var på lanseringa av World Watch list 2024, seier ho vil ta opp saka med indiske myndigheiter.

– Eg skal til India med ein delegasjon frå Stortinget i byrjinga av mars. Då vil eg sørge for at me tek opp desse spørsmåla med myndighetspersonar me møter, sa Solberg og takka for tankevekkande og skremmande rapportering frå trusfrihetsfronten.

Nord-Korea øvst på lista 

I lista kristne ikkje ynskjer å vere ein del av, ligg Nord-Korea øvst. Landet har ingen trusfridom og kristne må leve i skjul. Vert det kjend at ein er kristen i dette landet vert ein dømt til dauden eller ein får livstid i fangeleir. I april kunne ein blandt anna høyre om fem kristne som hadde avtalt eit bønnemøte i eit gamalt gardshus sentralt i landet. Desse vart meld til politiet.

Jihad trugar sør for Sahara

Heile 85 % av verdas trusrelaterte drap på kristne året som gjekk, hende i Nigeria. Landet sør for Sahara ligg i ein region som er truga av radikale islamistiske grupper. Dei utnyttar den politisk uroa til å fremje sin agenda mot kristne. 

– Dersom dette ikkje bringes under kontroll, vil dette doble presset i aukande grad tvinga dei på flukt, seier leiar for Åpne dører si World Watch Research, Frans Veerman.

Eit lite håp

Etter at franske troppar forlét Mali i 2022, har den russiske Wagner-gruppa teke over kontrollen. Det har gjort forholda vanskelegare for kristne i Mali, som til dels vert assosiert med vesten. I dag får dei maliske kristne ofte politivern, men grunnlova som vert vedteke i juni 2023 skapar håp om at sikkerheitstiltaka etter kvart kan letta. Grunnlova som skal bane veg for eit sivilt styre er tydeleg på anerkjenninga av kristne som rettmessig minoritet.

Fire grunner

Faglig leiar i Åpne Dører, Ole Petter Erlandsen, nemner fire grunner til dramatisk vekst i forfølging.

– Valdelig islamisme, revitalisering av kommunistisk ideologi, religiøs nasjonalisme og auking av autoritære styresett.

Han oppfordra kvar enkelt til å kjempe mot likegyldigheit til kva kristne opplever rundt i verda.

– I korte trekk handlar forfølging om manglande vern, straffefridom frå overgrep og likegyldigheit. Me kan ikkje gjer noko med dei to første punkta, men me kan gjere noko med likegyldigheit.

– Det er derfor me er her i dag, avsluttar Erlandsen.

Powered by Cornerstone