Flytter til ny by
(Foto: Privat)

Flytter til ny by

Etter sju år i hovudstaden er «Øyvind» og «Marielle» klare for eit nytt kapittel.

Tekst: Ragnhild Tegle
Publisert: 15.01.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 06.38.
  • Forlagshuset Lunde
    Annonse

Ekteparet har vorte kjende med ei lita forsamling kristne i ein mindre by langs landegrensa. Det er lokale venner som har introdusert dei for den vesle kyrkja. Dei gler seg no til å leve kristenlivet saman ei stund. Planen er å vera der i eitt år. Ynskjet er først og fremst å få bidra med undervisning, vegleiing og som gode førebilete. Trass godt mot, ser dei at tenesta kan by på ein del utfordringar.

Forbønn

– Det kan bli vanskeleg å bu i ein by som er kjent for mange straumbrot, lite drivstoff og generelt færre ressursar enn det me har blitt vane med her i hovudstaden.

Dei takkar for forbønn på dette området og ber også folk huske på ungane deira i bøn, at dei må få seg gode venner, så dei kan halde fram med å være ljos og salt i sine omgivnader.

– Me veit at me ikkje kunne gjort dette arbeidet utan dykk som har bedt for oss i alle år. For det er me dykk evig takknemleg.

Av omsyn til det sensitive arbeidet dei driv, er namn og stadnamn anonyme. 

Powered by Cornerstone