Ole Audun og Mainy Os
Ole Audun og Mainy Os

I misjonens teneste

– Vi tenkte likt om kva vi ville bruke livet til, og med eitt gjekk vi hand i hand, fortel Mainy og Ole Audun Os. No har dei vore saman om oppgåver i Misjonssambandet i snart 45 år.

Tekst: Per Ove Aarseth
Publisert: 14.01.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.21.
  • Annonse - KNIF
    Annonse

MAINY OS, F. BJØRGE

Fødd 1957.

Vaks opp på Sørumsand i Viken.

Tok til som kontorsekretær i Sunnmøre og Romsdal krins av Misjonssambandet (no: Region nordvest) i 1979.

OLE AUDUN OS

Fødd 1956.

Oppvaksen på Slagnes i Møre og Romsdal.

Har vore barne- og ungdomssekretær og forkynnar i Misjonssambandet i 45 år.

Dei bur på Fiskarstrand i Sula kommune. Har to vaksne døtrer og to barneborn. 

Ho frå Sørumsand ved Glomma, han frå Slagnes på Sunnmøre. Dei møttest i Oslo. Ole gjekk på musikklinja på Bibelskolen Fjellhaug 1978–79. Mainy arbeidde i Fjellhaug-resepsjonen. 

Han gjekk ofte forbi henne. Av og til stoppa han ved skranken. Etter kvart fann den lettbeinte sunnmøringen det interessant å somle i resepsjonen. 

– Ja, det hende han sette seg opp på disken, ler Mainy. 

Ein kveld hadde fleire frå Fjellhaug vore på møte i Manglerud kirke. Mainy og Ole blei åleine frå trikken oppover mot Fjellhaug. 

– Vi gjekk og prata litt, og med eitt var vi hand i hand. Det berre blei slik. Vi drøymde om det same og tenkte likt om kva vi ville bruke livet til, fortel dei. 

VART SETT. Dei hadde ulik bakgrunn. Ho kom frå eit misjonsmiljø, han hadde så vidt vore innom ein søndagsskule. 

– Foreldra mine var ikkje truande, men eg vaks opp i beste heimen i verda. 

Ole såg trua som sann, men var ein tilskodar, heldt stor avstand. 

– Kva hjelpte deg ut av «distanseringa»? 

– Eg vart sett. Då eg gjorde fyrstegongsteneste på Ørland flystasjon, fekk eg eit spørsmål: «Vil du bli med på soldatlagsmøte i kveld?» Berre det, og eg slo fylgje. Det blei mi fyrste vedkjenning. Eg gjekk til nattverd den kvelden, fekk vise at eg trudde på Jesus. 

På Stavern, neste tenestestad, blei Ole kjend med sunnmøringane Oddvin Bjerkvik og Kåre Johan Lid. Snart var dei i ein kvartett som song på kristne møte. Mot slutten av militærtenesta blei Ole og Kåre Johan oppmoda om å kontakte ein misjonsorganisasjon og spørje om det var bruk for dei. Utspelet kom frå feltpresten, og dei tok han på ordet. 

TRONG ØKONOMI. Eit trekk som prega barne- og ungdomsåra til Mainy, var foreldra sitt misjonsengasjement. Var det møte – og det var det ofte – var det som regel song av musikklaget dei var med i, og borna hang med. 

– Meir og meir ser eg rikdomen i dette. Men økonomien var trong. Når det budde forkynnarar i heimen vår, kunne pappa og gjesten få kjøtkaker i stova. Vi andre åt noko enklare. 

Under ei vekking gav familien kost og losji til ein forkynnar i lang tid. 

– Han var ein triveleg gubbe, og vi hadde det veldig kjekt. Men ei veninne spurte: «Kvifor bur den mannen hjå dykk?» 

Musikklaget og songen gav Mainy vid kontaktflate. Når ho var med på såkalla stormøte, møtte ho alltid kjentfolk. 

– Ekstra kjekt var det å treffe forkynnarar som hadde budd hjå oss. 

Før Mainy blei resepsjonsjente, hadde ho gått på folkehøgskule og bibelskule. Våren 1979, ikkje lenge etter turen frå trikken til Fjellhaug, søkte ho stilling ved Misjonssambandet sitt kontor i Ålesund. Ole hadde sagt ja til å halde fram i oppgåvene han fekk året før. 

– Det var dristig å flytte til Ålesund, men eg var i god tru. Ut på sommaren forlova vi oss, smiler Mainy. 

GLØYMER TABBANE. Då Ole og Kåre Johan – hausten 1977 – skulle fylgje opp rådet frå feltpresten, var dei innom eit par kontor før dei kom i kontakt med Misjonssambandet. 

– Her fekk vi tillit. For min del var eg utan erfaring, men misjonen spanderte eit evangeliseringskurs på oss. Så bar det ut. Den fyrste erfarne forkynnaren vi var saman med, var Liv Dimmen. Det var lærerikt. Ho hadde ei «du-form» når ho tala, og bodskapen var ransakande og veldig evangelisk. 

Også den private innkvarteringa lærte Ole mykje av. Det blei fine samtalar i heimane, og han fekk gode førebilete. Folk med brann for misjon, gjorde sterkt inntrykk. 

– Eg må ofte undre meg over den rause og oppmuntrande innstillinga eg møtte. Konformitetspress har eg aldri kjent på. 

Men pinlege situasjonar kom Ole opp i. Som då koret frå musikklinja var på tur i Østfold og blei invitert på kaffi og kaker rundt fine bord. 

– Noko skulle hentast. Eg reiste meg fort og dundra hovudet mot ei lysekrone som gjekk i tusen knas. Koppar og kaker vart dekte av glasbitar. 

Komisk for andre, men fortvilande for Ole. 

– Men, seier han, – det er bra at vi kan gløyme tabbane våre. 

I POSISJON.

I Ålesund kom Mainy i ein posisjon der ho blei kjent med veldig mange. Inn på kontoret kom det forkynnarar, misjonærar, barne- og ungdomsarbeidarar og foreiningsfolk. Og telefonen ringde. Det vart spurt etter talarar, eller plass på leirar. Somme ville kjøpe bøker. Mainy sende ut program og brosjyrar. Ho sprang på posten og i banken. 

– Veldig kjekt, men det blei venta at vi stod på utover kontortida. Akkurat det var travelt. Men etter at eg fekk erfaring, opplevde eg arbeidet positivt. No er eg i det 29. året i dette, endå eg heldt opp i lang tid då vi fekk born. 

I misjonens tenesteMisjonsfamilien Os i 1990. Ole reiste mye og Mainy måtte ta mye ansvar i hjemmet.Foto: Privat

MISJONSFAMILIEN.

– Ole har veldig ofte vore vekke frå heimen. Korleis har du opplevt det?

– Dagen etter at vi forlova oss, drog han til Åndalsnes på teltmøte. Han fór sin veg. Slik blei det seinare også, svarar Mainy.

Som offer vil ho likevel ikkje oppfattast. Det hjelpte at ho frå barndomen visste at mange forkynnarfamiliar hadde det på denne måten. Til stor hjelp blei også nettverket ho kom inn i.

– Eit par dagar etter at Ole stakk til Åndalsnes, blei eg gratulert av ei veninne som budde nær teltmøtebygda. Og så spurde ho om eg ville kome på besøk. Sjølvsagt sa eg ja, og eg fekk ei kjekk helg med både møte og samvær med Ole.

Mainy legg til at det gjekk fire år frå dei gifta seg til fyrste jenta kom. Dei åra blei også ein rikdom, for ho kunne ta mange turar til det Ole stod i.

– Eg blei eitt med «misjonsfamilien» på denne måten, forklarer Mainy.

Etter at dei vart foreldre, blei mobiliteten mindre.

– Ei påske skulle alle rundt oss reise. Og Ole skulle på leir. Eg stod med jentene i porten og såg at han fór, og må vedgå at påska blei lang. Mainy er ærleg, men tek opp att at ho ikkje vil vere offer.

Paret dei leigde hus av, fungerte som reservebesteforeldre. Og Lilly Stavik, mest av alle, var ei god støtte.

– Det årlege høgdepunktet var eit opphald på Lid, når Ole og Kåre Johan drog på turné til Ungdommens landsmøte. Her fann jentene jamaldra vener, og vi hadde det supert.

ALDRI FERDIG.

I misjonens tenesteHumor har det alltid vært nok av rundt Ole.Foto: Privat

I 1996 slutta Ole som barne- og ungdomssekretær etter 16 år. Likevel blei han aldri ferdig i denne sektoren. Full av kreativitet lagar han program og brosjyrar. Med rikt utvikla gåve til å sjå den einskilde møter han årskull etter årskull på korhelger og leirar. Når han forkynner, kan han vere alvorleg. Men samlingane kan også kallast humorens høgborg. Leiarkorpset ser han også, og må nokon slutte, finn han nye.

– Arbeidslysta mi er stor, og helsa god. Eg likar å gjere skikkeleg det eg gjer. Interessa for menneske er ei gåve. Venskap med unge gjev uendeleg mykje glede. Når vi er i lag over tid, kjem tilliten. Eg kjenner det som ei ære når nokon kjem med spørsmål eller lurer på noko.

– Går arbeidet av seg sjølv for deg?

– Eg har arrangert og arrangert, har stor kapasitet på det. Men eg kan grue meg og vere spent. Likevel kjem eg nesten alltid glad heim.

I misjonens tenesteOle Audun og Mainy Os har holdt sammen siden de forlovet seg i 1979.

Når vi spør Ole om det Mainy har nemnt, når det gjeld fråvær frå heimen, svarar han: – Arbeidet i misjonen kan bli altoppslukande, og eg er ein somlekopp. Eg burde nok sett fleire grenser. Men mange krisesituasjonar har vi ikkje hatt. Mainy blei flink til å ta ansvar, og jentene vart – og er framleis – gode medarbeidarar.

MISJONSHORISONT.

– Misjonshorisonten, eller tanken på folkeslag som treng å høyre evangeliet, har vitalisert tenesta mi, seier Ole.

På tur i Bolivia fekk Mainy og Ole sjå misjonsarbeidet på nært hald. Langt inne i fjella trefte dei ein familie med eit esel, dei hadde brukt ein heil dag for å nå fram til møtet. Det gjorde inntrykk. I Pokot i Kenya såg Ole frukt av arbeidet i stor skala. Guds ord har gjort det veldige området heilt nytt.

– Misjonskallet står alltid sentralt når eg talar, og særleg når det er unge til stades, avsluttar Ole.

Mainy konkluderer med ei helsing ein misjonsmann frå Nordmøre brukar i brev til kontoret: «Gå i Guds fred, kvil i Guds nåde!»

– Det er så fint å lese den helsinga, smiler ho. 

Powered by Cornerstone