Iver blant indonesiarane
(Foto: Privat)

Iver blant indonesiarane

Regionleiar Rune Mjølhus fortel om eit stort engasjement blant indonesiske kristne, for å dele vitnesbyrd til unådde.

Publisert: 09.01.24 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 07.26.
  • Annonse - KNIF Jobb
    Annonse
Iver blant indonesiaraneRune Mjølhus fikk lokale klær på sitt besøk i Indonesia.Foto: Privat

– Oppgåva vår har nesten vore å halde litt igjen, fortel Rune Mjølhus, i det han skildrar iveren til dei lokale kristne.

– Det er indonesiarane som skal bli verande i Indonesia, det er difor viktig å jobbe med tanke på at me ein dag skal trekka oss ut, svarer den framoverlente regionleiaren for Indonesia og Midtøsten på spørsmål om kva som var den aktuelle situasjonen i kyrkja då han var der i oktober.

Ved eit vegskilje.

Dryge 40 år er gått sidan dei fyrste misjonærane frå Misjonssambandet vart sende til Indonesia. På den tida har misjonærane starta eit omfattande arbeid som inneber alt frå etablering av bibliotek og hotelldrift til evangelisering og kyrkjeplanting.

– Det vil seie, evangelisering er ulovleg i Indonesia, men det er lov å svare når nokon spør ein om tru, seier Mjølhus om landet i verden med flest muslimar, over 200 millionar. Mjølhus seier refleksjonane er mange når indonesiarane deler sine erfaringar omkring tru. På eit kyrkjemøte Mjølhus deltok i, var stemninga likevel unison og planen klar.

– Dei lokale kristne er tydelege på ynskjer om å dele tro blant unådde folkegrupper. Så står det berre att for oss å finne ut kva som er dei neste stega mot det målet.

Be for neste steg.

I samråd med strategien som vart lagd på generalforsamlinga, står ei omstrukturering og ein ny strategi for dør. Optimismen på bakken er stor, trass utfordringar.

– Utfordringane er berre eit teikn på at ting held på å skje. Difor ynskjer me fyrst og fremst at folk her heime må be om at me må ta val som er effektive med tanke på å gjere seg sjølve overflødige i høve til den nasjonale kyrkja, avsluttar Mjølhus. 

Powered by Cornerstone