Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Anders Artmark Aanensen)

Sprenger alle grenser

Tekst: Kristine Oklevik
Publisert: 26.12.23 KL. 07.00.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.55.
  • Annonse - KNIF Jobb
    Annonse

Frå Bibelen

Joh 11,41b–42

I forteljinga om Jesus som vekkjer opp Lasarus, i Joh 11, les vi at begge søstrene til Lasarus kjem med denne utsegna: «Herre hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd». Eg og tenker ofte slik, men Gud ser lenger enn oss og har eit anna perspektiv. 

Når Jesus ber for Lasarus, seier han «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg» (Joh 11,41b–42). Jesus hadde omsorg for Lasarus og familien, men det viktigaste for Jesus er at menneske skal tru på han. 

I ei fyrstikkøskje kan vi skjøne at det er avgrensa med plass. På same måte er det også ei grense for kor mykje vi menneske kan skjøne.

Vi vil derimot aldri kunne plassere Gud innanfor ein slik boks. Han sprenger alle grenser for det vi kan forstå. 

Historia om Lasarus og søstrene minner meg om kor stor Gud er, og kor liten eg er, og det perspektivet ønske eg skal prege livet mitt meir. For ofte ønsker eg å sette meg på lik linje med Gud, men takk og lov for at Gud er større enn det. 

Powered by Cornerstone