Måltid med han

Tekst: Johannes Stubhaug Braut
Publisert: 05.12.23 KL. 07.10.
Oppdatert: 22.02.24 KL. 08.04.
  • Annonse - Hovland og Ottosen
    Annonse

Fra Bibelen

Op 3,20

«Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.» Op 3,20.

I møte med dei store spørsmåla om livet og trua vender eg rett som det er attende til dette enkle, djupe og vakre verset. Det er Jesus sjølv som forklarar for oss trua sitt mysterium i Johannes openberring. Jesus bankar på, han ynskjer kontakt med deg og meg. Han ropar varsamt og kjærleg på oss. Midt i livet, i alt som skjer, kallar han oss til å stoppa opp, lytta og opna døra for han. For første gong eller endå ein gong.

Så held han måltid med oss. Måltidet er eit symbol for fellesskap og relasjon. Me set oss ikkje ned for å eta med kven som helst, men Jesus gjer det. Han held måltid med deg og meg. I dette måltidet møter Jesus oss med kjærleik, trøyst, fred og forsoning.

Eg kviler i at Jesus sjølv vil inn i hjarta mitt. Han bankar på og kallar på meg uavhengig av mi bøn og sterke vilje. Eg treng berre å opna døra, så kjem han inn.

Powered by Cornerstone